Hopp til innhold

Dugnad på Fløyen

Dugnadsarbeid har ikkje gått av moten. Det er dugnadsgjengen på Fløyen i Bergen eit godt eksempel på.

Dugnadsgjengen på Fløyen

Ein glad gjeng

To gongar kvar veke samlast rundt 30 personar og ryddar på og langs turvegane i det populære friluftsområdet. Leiaren for gjengen er Børre Liland.

leiar for dugnadsgjengen, Børre Liland
Foto: Birger Meland / NRK

Liland har fått kongens sølv for arbeidet som verkeleg viser att i terrenget.

Vi fekk vere med

Dugnadsgjengen på Fløyen er ei underavdeling av Bergens Skog- og Træplantingsselskap . Denne veka fekk Norge Rundt vere med på Fløyfjellet i Bergen, og der måtte sjølv programleiaren ta del i arbeidet.

Løyser alle problem

Vi finn alle typar yrkesbakgrunn hjå dei som er med. I matpausane går praten lystig rundt leibålet, og det er ikkje eit problem dei ikkje kan løyse.

Matøkt med gjengen
Foto: Birger Meland / NRK
"Hanka" er klar med kaffelars
Foto: Birger Meland / NRK

AFP (avtalefesta pensjon) har vore - og ér eit varmt tema om dagen, då det er fleire som trer inn i pensjonistrekkene. Sjølv om vi finn både direktørar og fabrikkarbeidarar i gjengen, så er alle like når uniforma kjem på.

Open soning

Av og til får dei spørsmål om kva gjeng dette er, og svara set laust. Ein gong vart det pronto svart at det var ein gjeng som har open soning.

Eit enormt arbeid

At denne glade gjengen viser att i terrenget er det ingen tvil om. Og arbeidet dei og andre gjer for at den glade vandrar skal ha ei stor naturoppleving, vert kansje ikkje sett nok pris på. Hadde det ikkje eksistert slike folk som tar i eit tak for at vi skal ferdast trygt og godt ute i naturen, så hadde det merkast. Sjølv over små elvar og på myrjord viser arbeidet til dugnadsgjengen att.

Brubygging kun ein del av jobben.
Foto: Birger Meland / NRK

Høg utmerking

Den høgaste utmerkinga til dugnadsgjengen på Fløyen er caps. Når programleiaren gjer utallige forsøk på å gjere seg fortent til ein slik, er det ikkje noko medynk å få. Her må ein minst ha vore med fleire gongar, og så vert insatsen teken opp til vurdering.

Send ein varm tanke

Det er all mulig grunn til å vere stolte av ein dugnadsgjeng. Tenk på det neste gong du går på ein sti eller over ei myr der gjengen har gjort arbeid. Mange stader i landet finn vi slike entusiastar - og godt er det!

Klar,ferdig,jobb.
Foto: Birger Meland / NRK

Men det er óg andre som nyt godt av arbeidet: Kvar vår rensar dei rundt 50 fuglekassar som dei har sett opp. Ikkje rart at fuglesongen er ekstra lystig på Fløyen i Bergen. Takk for ein fin dag med gjengen og lukke til vidare med viktig arbeid. God helg


Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.