NRK Meny
Normal

Sel rolle som mus på Nationaltheateret

Den som har ein draum om å bli skodespelar kan no stå på scena på Nationaltheateret, som mus: – Første gong ein kan kjøpe seg rolle, seier Jenny Skavlan, programleiar av TV-aksjonen 2015.

De som byr høgast kan sikre seg ei rolle som mus i Hakkebakkeskogen på Nationalteateret.

Den som legg inn det høgaste bodet under TV-aksjonen den 18. oktober vil få både hale, store øyre og truleg mykje applaus:

Jenny Skavlan

PROGRAMLEIAR: Jenny Skavlan skal også i år vere med å auksjonere og vere programleiar av TV-aksjonen.

Foto: Privat

– Dette har aldri skjedd før og dette er første gong i historia at ein kan kjøpe seg ei rolle på Nationaltheateret, fortel Jenny Skavland.

Ho skal saman med Haddy N`jie og Jarle Roheim Håkonsen lede TV-aksjonen 2015. Inntektene vil i år gå til å redde og bevare regnskog.

Skodespel for Regnskogfondet

Inntektene av auksjonen og innsamlinga går til Regnskogfondet og skal sikre at regnskog i Brasil, Peru, Kong og Ny-Guinea ikkje forsvinn. Kim Haugen er regissør for oppsettinga av Thorbjørn Egner sitt stykke Dyrene i Hakkebakkeskogen. Han gler seg til å få eit nytt medlem til teateret:

– Eg syns det er litt artig at det kjem eit menneske som på kort tid skal kome inn som mus. Det blir litt skummelt og morosamt samtidig.

– Det kan bli kven som helst, du er ikkje redd for ei mus som er to meter og ti centimeter høg?

– He he, det kan bli veldig spanande å sjå. Det blir i so fall eit veldig originalt cast. Men eg trur dette skal gå bra.

Sting med på laget

Mann med skjegg

25 ÅR: Artisten Sting har vore med å kjempa for å bevare regnskogen i over 25 år. Han kjem til Norge i oktober for å auke engasjementet og merksemda rundt Regnskogfondet og deira kamp for å bevare dei siste restane av urørt skog.

Foto: NRK

Den som vinn auksjonen får stå på scena i Nationaltheateret i ein kveld. Stykket har premiere den 17. oktober. Frå før er det kjent at ein av verdas mestseljande soloartistar Sting kjem til Norge og skal delta på TV-aksjonen:

– Planeten vår er stadig utsett for for påkjenningar, og klimaendringane er verkelege. Det er likevel veldig viktig å fokusere på å bevare regnskogen, sa Sting tidlegare til NRK i eit intervju.