- Det er ikkje berre ein jobb. Det er ein livsstil å køyre drosje, seier Ellen Bønke til Radio Røynda.
Med kallenamnet "Propellen" har ho køyrt drosje sidan 1956. For det er ein livsstil ho elskar.
Den lange karriera hadde ein trist bakgrunn. For faren til Ellen køyrde også drosje. Han blei drept under krigen i 1942, og dermed fekk familien økonomiske problem etter krigen. Men Ellen visste råd. Ho ville køyra drosje.
Ho vart motteken med skepsis både blant mannlege kollegaer og passasjerar. Mange nekta å køyra med ei kvinne. Men etterkvart har det snudd.
48 år i drosje slit på bilane. 16 bilar har Ellen slite ut. 16 Merzedecar! No nærmar Ellen seg 70, men ho har ingen planar om å slutta.
Vetle-Ivar stiller med ein slunken faktaboks om Oslo, som dessverre er skjemd av ulydar i dag. Kva desse kjem av høyrer du i denne utgåva av Radio Røynda.
Klikk på lenka i medieboksen over for å høyre Radio Røynda.
Norgesglasset NRK P1 22.04.2004