Hopp til innhold

Droppar statsbudsjettet for å besøke Paven

Når statsbudsjettet blir presentert torsdag, er kulturminister Linda Hofstad Helleland på idrettskonferanse i Vatikanstaten.

Linda Hofstad Helleland

REISER TIL UTLANDET: Når statsbudsjettet blir lagt fram torsdag, er kulturministeren i Vatikanet for å snakke om idrett og tru.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Ifølge kalenderen til kulturministeren skal ho torsdag vere til stades og halde eit innlegg under konferansen «Sport at the Service of Humanity» i Vatikanstaten.

Same dag blir statsbudsjettet lagt fram. Dette er det første kulturbudsjettet Helleland er ansvarleg for.

Skal snakke om likestilling

I ein e-post til NRK skriv kulturministeren at ho meiner det er eit godt kulturbudsjett med tydelege prioriteringar, og at ho såg fram til å legge det fram på torsdag.

– Eg vart invitert av Vatikanet til denne globale konferansen for å forsterke arbeidet med berekraftsmåla til FN, mellom anna jenters rett til utdanning. Eg skal òg presentere ei norsk suksesshistorie, nemleg likestilling og likeverd. Eg meiner det var riktig å takke ja, skriv Helleland.

Ifølgje Kulturdepartementet vil Helleland vil vere tilgjengeleg for kommentarar til budsjettet så langt det er mogleg i forhold til programmet. Kulturministeren er tilbake i Norge fredag formiddag.

Fleire lekkasjar

Det har allereie kome fleire drypp om kva vi kan vente oss av statsbudsjettet.

Blant dei tinga vi veit kjem i dette kulturbudsjettet er 70 millionar kroner til arbeidsplassar og verdiskaping i kunst og kulturnæringar. I tillegg kjem regjeringa til å auke potten til filminsentivordninga med 20 prosent, melder Dagsavisen.

Ifølgje Bergens Tidende vil regjeringa også gi 26 millionar kroner for å sikre oppussinga av kunstmuseet Kode.

– Eit tydeleg signal

Arild Grande

KLART SIGNAL: Arild Grande (A) meiner det sender eit tydeleg signal når kulturministeren reiser til utlandet når statsbudsjettet blir lagt fram.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Medlem av kulturkomiteen på Stortinget, Arild Grande frå Arbeidarpartiet, seier han forstår at ministeren takkar ja når paven inviterer, men meiner også at det tyder på eit lite spennande budsjett:

– Når ministeren reiser til utlandet når statsbudsjettet blir lagt fram, så er det eit tydleg signal om at vi ikkje kan vente oss det heilt store av dette budsjettet. Dei største godbitane er nok allereie ute av posen, seier Grande.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP