Hopp til innhold

Droppar omstridd Oscar-pris

Oscar-akademiet droppar prisen for beste populære film. Grunnen er dei mange protestane som kom då kategorien blei lansert. Men akademiet utelukkar ikkje at kategorien kan kome tilbake seinare.

John Bailey president i Oscar-akademiet

Forslaget om ein eigen Oscar for beste populære film, fekk dårleg mottaking. President i Oscar-akademiet, John Bailey, meiner kritikarane misforstod prisen. Akademiet skrinlegg no kategorien inntil vidare.

Foto: DAVID MCNEW / Reuters

I august annonserte Oscar-akademiet at det skule kome ein ny kategori under prisutdelinga neste år. Prisen skulle heidre «framifrå populærfilmar». Dei siste åra har fleire av dei store kassasuksessane fått prisar i dei tekniske kategoriane, eller gått tomhendte frå prisutdelinga.

Men etter at dei fekk massiv kritikk for innføringa, har Oscar-akademiet no snudd. Presidenten for akademiet, John Bailey, seier til nyheitsbyrået Associated Press at dei legg planane på is, og droppar kategorien under utdelinga neste år.

– Ideen om å dele ut ein pris til beste populære film, er skrinlagt etter dei mange protestane som kom etter annonseringa.

A Quiet Place

Skrekkfilmen «A Quiet Place» med (f.v.) John Krasinski, Noah Jupe, Millicent Simmonds og Emily Blunt er blant filmane Oscar-akademiet viser til som ein film som kunne ha vore nominert i kategorien for beste populære film.

Foto: JAMIE MCCARTHY / AFP

Han seier at kategorien var velmeint for å spegle endringane i filmbransjen betre, og blei misforstått av kritikarane.

– Tanken bak denne kategorien var ikkje at store filmar for massemarknaden skulle få pris. Det var heller dei filmane som er vanskelege å få laga, og som når dei blir laga, ofte ikkje får den heideren ein Oscar er, seier Bailey.

Dårleg mottaking

Då prisen blei annonsert, blei han møtt med vantru og protestar, særleg frå filmindustrien sjølv. Ein av dei som var raskt ute, var skodespelaren Rob Lowe.

– Filmindustrien døydde i dag med annonseringa av Oscar til «populærfilm». Han har hatt dårleg helse i fleire år. Han har overlevd av oppfølgarar, produktplassering og vertikal integrasjon, skreiv han på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Den amerikanske regissøren, produsenten og manusforfattaren Adam McKay, som er kjent for filmar som «Anchorman»-filmane, «Ant-Man» og «The Big Short» følgde opp med andre nye kategoriar:

  • Beste film der ting blei sprengt i lufta
  • Mest sexy kvinnelege romvesen
  • Beste salto for å unngå eit knivkast
  • Beste knivkast
  • Beste «du trudde han var død, men no er han tilbake og slår til igjen»
Laster Twitter-innhold

Endrar TV-showet

Forslaget om ein ny kategori kom som eit forsøk på å fornye Oscar-showet, som aldri har hatt færre sjåarar enn i år. Når prisane blir delte ut i februar neste år, blir det difor gjort endringar.

Akademiet ønsker blant anna å korte ned det Tv-sende showet til tre timar ved å dele ut prisar i reklamepausane. Oscar-sesongen blir også korta ned ved å flytte utdelinga til tidlegare i februar i 2020.

Jimmy Kimmel konferansier under årets Oscar

Årets Oscar-show med Jimmy Kimmel som vert var det minst sette i historia. No ønsker akademiet å gjere endringar for å gjere showet meir sjåarvenleg.

Foto: Mark Ralston / AFP

Og då kan kategorien for populærfilm vere tilbake på sendeplanen, for akademiet har ikkje lagt bort planane for godt. Uansett viser reaksjonane at det er mange hyklarar i den amerikanske filmbransjen, seier Bailey:

– Nokre av dei som no kritiserer denne prisen for å øydelegge Oscar-utdelinga, er dei same som for nokre år sidan lurte på kvifor vi ikkje nominerte og heidra fleire filmar som var meint for eit større publikum. Alle likar å kritiserer akademiet.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober