NRK Meny
Normal

Tommy Sørbø: – Det er slik vi kjem til å hugse henne

Den Norske Turistforening (DNT) heidra dronning Sonja med ein skulptur laga av Kirsten Kokkin på 80-årsdagen hennar. Skulpturen viser dronninga som tek seg ein pause på fjelltur.

I dag feirer Dronning Sonja sin 80-årsdag. Dagen skal feires med blant annet avduking av statue i Slottsparken og åpning av Dronningens KunstStall.

Det var barnebarna til dronning Sonja som stod for avdukinga av skulpturen til Kirsten Kokkin.

Feiringa av 80-årsdagen til dronning Sonja starta med avdukinga av ein statue av dronninga. Skulpturen, som er laga av kunstnaren Kirsten Kokkin, viser dronning Sonja sitjande på ein stein med tursekken ved beina. Dette er ei gåve frå Den Norske Turforening, der dronninga er æresmedlem.

Sidan slutten av 1970-talet har dronning Sonja vore ein flittig gjest i den norske fjellheimen. Ho har sjølv sagt at dette er eit pusehol frå henne, og at ho ofte lengtar tilbake til fjellet i kvardagen.

Dronning Sonja og Kirsten Kokkin

Dronning Sonja saman med kunstnaren Kirsten Kokkin som har laga statuen som viser turdronninga.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Skulptøren Kirsten Kokkin står også bak statuen av kronprinsesse Märtha, som blei avduka i samband med 70-årsdagen til kong Harald i 2007. Statuen av dronninga veg fem tonn, og steinen er henta frå Vassfaret.

Godt løyst

Kunsthistorikar og forfattar Tommy Sørbø synest Kokkin har lukkast i oppgåva å framstille dronning Sonja som turdronninga.

Dronning Sonja

Dronning Sonja har gått mykje i den norske fjellheimen. Her er ho frå opninga av Dronningstien i Ullensvang i 2012.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

– Ho har klart å fange dronning Sonja i ein augneblink av undring, der ho tek naturen inn over seg. Ho ser utover naturen, utan at ho stirer. Og det fine er at skulpturen står ved ein benk, slik at folk kan sitje saman med dronninga og få den same opplevinga.

Sørbø meiner skulpturen seier mykje om dronninga. Og han trur at denne statuen vil bli ståande for korleis vi kjem til å hugse henne.

– Om femti år har vi gløymt at denne statuen blei laga til dronning Sonja då ho var 80 år. Men vi vil alltid hugse henne som ein person som gjekk mykje i fjellet.

– Har vore overalt

Dronning Sonja 80 år.

Kronprins Haakon heidra mora under avdukinga av skulpturen til Kirsten Kokkin.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

I gratulasjonstalen fortalde kronprins Haakon at det ikkje alltid er like enkelt å prøve seg på friluftsliv når ein har ei så aktiv mor:

– Ho har vore overalt. Uansett kvar vi tek turen, har ho vore der før oss. Eg trur ikkje det er mange som kjenner fjellheimen like godt som henne. Og i motsetning til meg veit ho alltid kvar ho har vore, sa kronprinsen til stor latter frå dei frammøtte.

Også styreleiar i DNT, Berit Kjøll, heidra dronning Sonja for engasjementet ho har for friluftsliv.

– Det er få nordmenn som har vore på så mange DNT-hytter som dronninga. Og det er ikkje mange som har gått så mange merka turstiar som det ho har gjort. Ho er ein vegvisar for friluftsliv og turglede i den norske fjellheimen.