Hopp til innhold

Det danske folket hylla dronninga med song – Europeiske kongelege tok videokameraet fatt

Då dronning Margrethe blei fødd ein aprildag for 80 år sidan, var det ikkje meininga at ho skulle bli dronning.

Dei kongelege i Europa helsar Dronning Margrethe til lykke med dagen.

Torsdag fylte dronning Margrethe av Danmark 80 år. Kongefamiliane i Europa skulle etter planen ha feira dagen med ho, men grunna koronaviruset laga dei i staden ei felles bursdagshelsing.

– Vi er veldig leie oss for at vi ikkje får vere saman med deg, det var jo meininga, men dette koronaviruset har gjort at vi må bli heime, men det betyr ikkje at vi ikkje tenkjer på deg på denne dagen, seier kong Harald i videohelsinga.

– Vi vil gjerne hylle deg sjølvsagt, og vi tenkjer på deg. Eg tenkjer på deg når eg ser ut for her snør det ved Kongsseteren og det er jo litt uvanleg i april, men det er til ære for deg. Eg vil takke deg for alle dei gode råda du har gjeve meg gjennom åra og sjølvsagt for dei fine minna vi har i lag, seier dronning Sonja.

Faren endra grunnlova så ho kunne bli dronning

Då Danmarks kong Frederik og dronning Ingrid blei foreldre for første gong for 80 år sidan, var det ikkje meininga at prinsesse Margrethe skulle bli dronning, skriv Danmarks Radio.

På den tida var det berre menn som kunne arve den danske trona, men det danske kongeparet fekk aldri ein son som kunne ta over.

Og då Margrethe var 13 år, skreiv faren under ei endring i den danske grunnlova som gjorde at eldstedottera kunne bli dronning.

Dronning Margrethe av Danmark

POPULÆR: Dronning Margrethe er svært populær i Danmark.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Populær

I januar 1972 døydde kong Frederik, og Margrethe blei dronning 31 år gammal. Etter at ho blei dronning, skaut også populariteten for det danske monarkiet fart, og dronning Margrethe er i dag blant dei mest populære monarkane i Europa, skriv dansk TV 2.

– Populariteten skuldast blant anna at ho alltid har verka ekte og har sagt kva ho meiner, og vore god til å kjenne på kvar folkesjela er, seier Ulla Terkelsen som er journalist og kommentator i kanalen.

Med sine 48 år på trona er dronning Margrethe den danske regenten som har regjert nest lengst. Det er berre kong Christian 4 som har sete lengre.

Dronning Margrethe av Danmark sammen med den danske kronprinsfamilien.

Dronning Margrethe er mor til to og farmor til åtte. Her er ho på slottsbalkongen med den danske kronprinsfamilien i 2018 då kronprins Frederik fylte 50 år.

Foto: Henning Bagger

Dronning Margrethe gifte seg med Henri de Laborde de Monpezat, som var sonen til ein fransk greve, i 1967. Han fekk tittelen og namnet prins Henrik etter giftarmålet. Dei fekk sønene kronprins Frederik og prins Joachim saman.

Dei fekk også åtte barnebarn.

Sang for dronninga

Koronakrisa har gjort at den planlagde feiringa av jubilanten har blitt endra. Fleire arrangement har blitt avlyste. For to veker sidan sende dronning Margrethe ut ei pressemelding der ho sa at ho ikkje ønska seg blomar til 80-årsdagen, og oppmoda folk i staden om å sende dei til eldre som har det vanskeleg.

Men dronninga blei likevel heidra over heile Danmark torsdag. Grafikaren Kim Bruhn oppretta ei Facebookgruppe for alle som ville synge for dronninga på den store dagen.

Frederiksborg i København

Den planlagde feiringa av 80-årsdagen til dronning Margrethe blei avlyst. Men mange danskar ønsker likevel å heidre jubilanten.

Foto: Olafur Steinar Gestsson / AP

På kort tid meldte nesten 200.000 danskar interesse for arrangementet. Bruhn seier til Berlingske Tidende at han er overvelda over responsen.

– Vennane mine smilte litt av det, og det gjorde eg kanskje sjølv også. Eg har i mange samanhengar laga arrangement på Facebook. Eg hadde aldri trudd at eg skulle få ein slik respons.

Kunstdronningar

Dronning Margrethe er tremenningen til kong Harald. Og banda mellom det danske og norske kongehuset er tette.

Den danske dronninga og dronning Sonja har også eit svært godt forhold, og har vore på fleire turar i den norske fjellheimen saman.

HISTORISKEBILDER

Dronning Margrethe og dronning Sonja har ofte reist på tur saman. Her er dei på skitur i Nord-Noreg i 1993.

Foto: Erik Veigård / NTB scanpix

I tillegg til toppturar, har dei to dronningane også funne ei felles interesse i kunst og kultur. Begge er utøvande biletkunstnarar, og har blitt stilt ut ved fleire kunstmuseum.

Dronning Margrethe har også sydd kostyme til Den kongelege balletten i Danmark og laga illustrasjonar til Ringenes Herre-trilogien.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober