Dronning Loanas mystiske flamme
Umberto Ecco
Tiden Norsk Forlag
Oversatt av Birgit Owe Svihus
Viss du synst at «Dronning Loanas mystiske flamme» ikkje akkurat har ein aura av lærd professoralitet over seg, men er meir prega av kiosklektyre, så er du på heilt rett spor. Professor Eco har denne gongen dukka djupt ned i barndommens kulørte lektyre. Men han er slett ikkje på ferie frå semiotikken som er faget hans, og som handlar om å tolke teikn og å studere korleis teikn endrar meining etter kva for samanheng dei står i.
Tvert om, dei er teikn alle saman, både Dronning Loana, Mikke Mus, Lyn Gordon, Mandrake og alle dei andre heltane hovudpersonen finn i kasser på barndommens loft, og meir enn som så: dei er teikn som må tolkast på nytt av den hardt prøvde hovudpersonen Yambo.
Slag
Det har seg nemleg slik at vår mann har hatt eit slag, som har sjalta ut alle personlege minne. Han hugsar ikkje eit pip frå fortida, verken sitt eige namn eller kven han er gift med eller kor mange barn han har.
Men han hugsar alt han har lese og det er ikkje lite for Yambo er ein lidenskapleg boklesar på 60 år og har dermed eit litterært sitat for alle situasjonar som oppstår, men han ønskjer naturleg nok å bli kjent med seg sjøl igjen også.
Vegen går gjennom å oppsøkje lektyre som hadde mykje å seie for han i barndommen. Mikke Mus og vennene hans får i oppgåve å byggje ei bru frå litteraturen og over til barndommen som altså er heilt sletta ut av minnet.
Spennande
Dei som har lese romanar av Umberto Eco før, vil vite at verken gamle bøker eller fortida er uskuldige pyntegjenstandar i denne lærde forfattarens univers, tvert om, og kva som skjer når kunnskapen om barndommen gradvis stig fram frå tåka, skal ikkje røpast her.
Det eg kan seie utan å stele moroa frå eventuelle lesarar, er at Eco her set nokon svært spennande tankar i sving. Ta til dømes dronning Loana, som viser seg å vere eit temmeleg lettvint stykke litteratur, men som har fått ein heilt spesiell verdi på grunn av det tankespinnet orda "mystisk flamme" og "Lona" skaper i den unge Eco- unnskyld-Yambo.
Klipt ut
Det som også bør seiast er at forfattar Eco i periodar blir så oppslukt av alle dei gamle tekstene at han nesten gløymer at han har ein hovudperson med slag å ta vare på. Midtpartiet i romanen kunne vore klipt ut og gitt ut som eiga bok om triviallitteraturen før under og etter Mussolini, og det ville ha vore ei interessant bok, for all del.
Men det eg prøver å seie er at Eco har nok skrive bøker med vesentleg større eleganse i komposisjonen tidlegare. Her slappar han litt meir av på strenge formelle krav, men lidenskapen for dei store spørsmåla omkring tekster og liv, ja den er det ingenting å seie på.
Kulturnytt, NRK P2, 9. januar 2006