
Det er ulike metodar å drepa potetter på. Foto: NRK.
Potetene sine fiendar:
Skal du ta frå potetene all livsgnisten, må du kjenne potetene sine fiendar.
FIENDE NR 1: FROST!
Potetene hatar å frysa. Og då snakkar vi sjølvsagt om å frysa ordentlig. Puttar du potetene i fryseboksen, har du fort døde poteter.
FIENDE NR 2: HAKKING OG MOSING!

Auga på potetene blir til nye poteter. Foto: NRK
Potetene overlever fint å bli delte i to. Alle planter har områder i seg sjølv der veksten føregår. For potetene blir desse områda kalla auga til potetene. Nye poteter spring ut frå disse auga, og så lenge dei ikkje blir øydelagde, kan potetene framleis spire. Og næringa hentar dei i seg sjølve. For å drepe potetene, må ein altså sørgje for å øydeleggje desse auga. Ved å dele auga i to, eller å mose dei, har ein forhindra at potetene kan vokse vidare og gi liv til nye poteter.
FIENDE NR 3: VARME!
Denne er sikker og enkel. Har du steikte eller kokte poteter, har du døde poteter.
FIENDE NR 4: TØRKE!

Potetene er ikkje nokon trussel! Foto: NRK
Sjølv standhaftige poteter treng vatn for å overleve. Dei kan leve lenge på fuktigheita som ligg naturleg i dei, men tørkar du dei heilt ut, kan du vera sikker på at dei dør.
Men i grunnen utgjer ikkje potetene ein veldig trussel, dei er i og for seg ganske ufarlege. Så ønskjer du å la dei leve, må du gjerne gjere det!