Liket av Ôtzi blei funne slik i Alpane
Det mumifiserte liket av Ôtzi dukka fram frå isen i 1991, og snart blei det klart at det var snakk om eit menneske som levde for lenge, lenge sidan. Faktisk 5300 år sidan, altså i steinalderen.
Ismannen som blei funne i Ôtztal-dalen, og derfor fekk namnet Ôtzi, har lært oss mykje om korleis menneska levde på den tida. Grunnen til det er at han ikkje blei gravlagd. Han blei liggande der han døydde med sine vanlige klede, niste og reiskapar. Vinden tørka ut og mumifiserte Ôtzi før han blei fryst inn i isen og bevart gjennom årtusena i ein naturleg fryseboks,
Eit mord?
Unni saman med ein rekonstruksjon av Ôtzi på Vitenskapsmuseet i Trondheim
Pollen funne på kroppen hans og i håret, gjer at me trur Ôtzi døydde om våren. Den fyrste tida etter at liket blei funne, trudde dei at han døydde av kulde, men seinare undersøkingar avdekka eit mogleg mord. Det blei funne ein pilspiss av flintstein i ryggen på det eldgamle liket. Dette førte til teorien om at Ôtzi var på flukt frå åtaksmenn før han blødde i hjel og fraus inn i isen.
Men nærmare undersøkingar av kroppen hans, klede og pilene hans, viser at Ôtzi neppe var uskuldsrein sjølv heller. Eit sår i handa der han har halde kniven sin, blod frå andre menneske på kleda og pilspissane han hadde med seg, vitnar om ein kamp på liv og død.
Kven var Ôtzi?
Ôtzi var 159 centimeter høg og kring 45 år då han døydde. Han hadde ganske dårleg helse og var plaga både av innvolsorm, sopp i lungene og truleg også leddgikt. Undersøkingar av knoklane til Ôtzi tyder på at han var utsett for ekstrem svolt tre gonger i løpet av livet.
Ismannen ligg no godt bevart i eit fryserom på museet i byen Bolzano i Nord-Italia. Men forskinga på han held fram. Han er eit av dei mest unike og omtala arkeologiske funna som blei gjort i 1990-åra.