Hopp til innhold

Døydde på sin eigen bursdag

Onsdag var det 25 år sidan Ingrid Bergman døydde.

Ingrid Bergman
Foto: AP

På ein flyplass i Casablanca står eit forelska par, og eit fly står klart til å dra, dei berømte replikkane og lovnadane om alltid å ha Paris saman blir legendariske.

Paret er Humphrey Bogart og Ingrid Bergman i filmen Casablanca. og det var i denne filmen superstjerna frå Sverige, eller Skandinavia som vi nordmenn liker å seie fekk sitt store gjennombrot.

Tøff barndom

Humphrey Bogart og Ingrid Bergman

Ingrid Bergman saman med Humphrey Bogart i ei scene frå 1943 i filmen Casablanca.

Foto: AP

Dei fleste store kunstnarar har sjeldan ein smertefri veg til suksess, og det same gjeld for Ingrid Bergman.

Livet hennar var prega av ein tøff barndom i Stockholm. Mora hennar døydde då Ingrid berre var tre år gamal, og faren, som var fotograf og den som såg talentet til dottera, døydde då Ingrid berre var 12 år.

Det gjorde til at Ingrid blei oppdratt av forskjellege slektningar. Og som 17 åring fekk ho læreplass som skodespelar ved Dramaten, og vegen blei dermed enklare for karrieren hennar.

HØYR: Portrett av Ingrid Bergman

Hollywood

Ingrid Bergman blei oppdaga av regissør David Selznick og allereie frå sin debut i filmen Intermezzo (1939) blei Ingrid eit stort og ettertrakta namn i Hollywood. Hennar arbeidskollegaer missunde Bergman for hennar høgde, og at ho trengte minimalt med sminke.

Ingmar Bergman og Ingrid Bergman

Ingmar Bergman og Ingrid Bergman

Foto: STF / AFP

Skandaløst familieliv

Amerika tok Bergman til sitt hjarte, i alle fall etter suksessen med Casablanca. Men det blei store overskrifter då det skandaløse familielivet til Bergman lekka ut til pressa. I alle fall skandaløst på 40 og 50-talet. Amerikanarane hadde problem med å takle at Ingrid Bergman hadde vore gift og skilt heile tre gongar.

Den første var den svenske tannlegen Aron Lindstrøm, deretter den italienske regissøren Robert Rossellini og produsent Lars Schmidt.

Desse tre ekteskapa resulterte i fire born, blant anna skodespelar Isabella Rossellini.

Flykta til Italia

Hetsen i Amerika blei så ille at Ingrid Bergman flykta til Italia for å leve så og si i skjul med sin italienske ektemann.

I 1956 kom Bergman tilbake på lerretet, og det i hovudrolla i filmen Anastascia. For den rolla fekk ho Oscar for beste kvinnelege hovudrolle.

Etter det blei det enklare for Bergman å jobbe med ei av dei sakene som sto ho nærast, nemleg ei betre verd for born i den tredje verda.

Siste rolle

I 1982 spelte Bergman rolla som Golda Meyer i filmen A woman called Golda. Dette blei hennar siste film. Det same året, på sin eigen bursdag døydde Ingrid Bergman av kreft, 67 år gamal.

Men på Walk of Fame lysar ei stjerne, med Bergman sitt namn på. Og framleis lar folk seg trollbilde av ei vakker Ingrid Bergman i blant anna Casablanca.

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad