Hopp til innhold

Døvemiljøet i harnisk: Noregs einaste teater for døve tilset høyrande teatersjef

Fleire er opprørte over at Teater Manu sin nye sjef er høyrande. – Som om ein Oslo-mann skulle vore president i Sametinget, seier Ditte Emilie Hatlelid.

Ditte Emilie Hatlelid

OPPRØRT: Ditte Emilie Hatlelid er engasjert i døvemiljøet, og meiner det blir feil med ein høyrande sjef for eit teater med døve som hovudmålgruppe. Her er ho saman med dottera Laurelin Sunna.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Det riksdekkande turnéteateret Teater Manu er det einaste profesjonelle teiknspråklege teateret i landet, med døve som hovudmålgruppe.

I januar blei det kjent at Janne Langaas blir ny teatersjef. Ho er høyrande, og byrja å læra seg teiknspråk i fjor.

Etter dette, har debatten rast i døvemiljøet. Fleire meiner det er feil å tilsetta ein høyrande person utan djup nok kjennskap til teiknspråk og døvekulturen.

– Det er som om Sametinget plutseleg skulle ha tilsett ein Oslo-mann som ikkje har noko kjennskap til kulturen eller språket som president i Sametinget. Korleis hadde samane tatt det? Det er akkurat slik me føler det, fortel Ditte Emilie Hatlelid, som sjølv er døv.

Teaterstyret fortel at dei samrøystes kom fram til at Langaas var den beste kandidaten.

Tidsskriftet Scenekunst har tidlegare omtala saka.

– Diskriminert grunna høyrselen

Hatlelid har saman med mannen sin fire høyrande barn, som dei snakkar teiknspråk saman med. Ho fortel at Teater Manu er veldig viktig for dei nettopp fordi at det blir drive av og for døve, og at teiknspråkkulturen står sterkt der.

Ditte Emilie Hatlelid og familien

MINORITET: Familien Hatlelid snakkar teiknspråk saman. Mamma Ditte Emilie Hatlelid fortel at ho sjølv opplever diskriminering i arbeidslivet. Ho meiner derfor det er synd at ein høyrande har fått jobben hos Teater Manu framfor ein døv person.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Ho har engasjert seg blant anna i Facebook-gruppa «Stopp Audisme!», der fleire er opprørte over valet til teateret.

– Audisme er det same prinsippet som med rasisme. Mørkhuda blir diskriminert på grunn av hudfargen. For vår del gjeld det høyrselen.

Teateret er ein viktig kulturinstitusjon for døvemiljøet, og samarbeider med fleire teiknspråkteater andre stader i verda.

Hatlelid meiner tilsettinga til teater Manu sender eit signal om at døve ikkje er skikka til å leia eit teater, og at tilsettinga dermed har eit audistisk grunnlag.

Nestleiar Thomas Blix i Teater Manu avviser dette. Han peikar på at det framleis er ni månadar til Langaas startar i stillinga, og at ho kjem til å jobba for å læra seg teiknspråk.

– Me må også hugsa på at Janne ikkje er den einaste som skal driva Teater Manu. Me har vald ho på grunn av kvalifikasjonane hennar. Og så har me andre tilsette som har teiknspråkkompetansen og døvekompetansen. Saman vil dei driva teater manu, seier nestleiar i teaterstyret, Thomas Blix.

Styret i Teater Manu saman med påtroppande sjef (i midten)

STYRET: Nestleiar Thomas Blix (t.v.) og styreleiar Emnet Kebreab (t.h) saman med påtroppande teatersjef Janne Langaas. Teater Manu blei etablert i 2001, og har sidan då hatt ein døv person (Mira Zuckermann) som sjef.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Kjenner ikkje kulturen vår

Det er mellom 18 og 20.000 teiknspråklege og 5.000 teiknspråklege døve og høyrselshemma i landet. Ifølge Norges Døveforbund er det rundt 35 døve i leiarstillingar i dag.

Det at arbeidsmarknaden allereie er marginal for døve, meiner Hatlelid gjer saka ekstra betent.

– Dette gir eit signal til unge døve i dag om at dei ikkje har sjanse til å komma seg oppover karriere-stigen, seier Hatlelid.

Også Norges Døveforbund reagerer.

– Eg tenker det kan vera vanskeleg for folk utanfor som ikkje kjenner til kulturen vår og språket vårt. Det som blir lagt fram på scenen skal jo vera på eit høgt nivå, seier forbundsleiar Niels Kristensen.

Niels Kristensen, forbundsleiar i Norges Døveforbund

VELKOMNE: – Sjølvsagt er høyrande velkomne til å sjå på døve sitt teater, men då på døve sine premissar, seier forbundsleiar Niels Kristensen i Norges Døveforbund

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Men teaterstyret som har tilsett den nye sjefen, legg vekt på at Langaas har 30 år med erfaring innan scenekunstfeltet.

Møteplass for døve og høyrande

Langaas har blant anna uttalt til Scenekunst at ho ønsker å skapa møteplassar for eit døvt og eit høyrande publikum. Dette er noko av det som har fått debatten til å skyta fart. Men den nye sjefen trur mange har oppfatta dette feil.

– Det verserer ei misforståing som handlar om scenespråket til Teater Manu. Scenespråket er teiknspråk. Og som kulturpolitisk spydspiss, er det viktig at me speler teater over heile landet, men me diskturerer ikkje om teiknspråk skal brukast eller ikkje, det er scenespråket, seier påtroppande teatersjef Janne Langaas.

– Eg som døv kan aldri forstå korleis det er å vera høyrande. Og høyrande sjølv kan aldri forstå korleis det er å vera døv, uansett kor mykje me prøver å læra oss. Det handlar om å respektera verdiane som finst. Me har forskjellige kulturar og ståstad, seier Hatlelid.

Kulturstrøm

  • 3,7 millioner til fem filmproduksjoner

    Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISF) har bevilget 3,7 millioner norske kroner i årets første bevilgningsrunde. To kortfilmer, en tv-serie og to langfilmer får bevilgning.

    Det skriver ISFI i en pressemelding.

  • YouTube krever merking av KI-innhold

    De som publiserer på YouTube fremover, må huke av om innholdet er manipulert eller endret for å tydeliggjøre hva som er skapt ved hjelp av kunstig intelligens.

    – Seerne får stadig mer behov for åpenhet om hvorvidt det de ser på, er manipulert eller syntetisk, skriver selskapet på sin blogg.

    Den nye merkingen vil gjelde videoer hvor det kan være tvil om det man ser virkelig er ekte, for eksempel såkalt deepfake, hvor en kjent person sier noe vedkommende aldri har sagt.

    Det vil ikke gjelde videoer som åpenbart er manipulert, som for eksempel animasjonsvideoer, skjønnhetsfilter og spesialeffekter.

    (NTB)

  • Kvinnegruppa Ottar har anmeldt pornografisk russebuss

    Kvinnegruppa Ottar har anmeldt en russebuss fra Bryne som skal ha en pornografisk illustrasjon på siden av bussen.

    De har videresendt anmeldelsen, som de leverte til Sørvest politidistrikt, til Stavanger Aftenblad.

    Gruppa mener at illustrasjonen på utsiden av bussen bryter med straffeloven paragraf 317 om pornografi og paragraf 318 om utstillingsforbud av bilder av eksplisitt seksualisert karakter.

    – Kvinnegruppa Ottar reagerer kraftig på at noen skal kunne kjøre rundt i offentligheten med sitt kvinnefiendtlige budskap, skriver de i anmeldelsen.

    20 russegutter på Bryne vidaregåande skule har brukt omkring 3 millioner kroner på bussen. Guttene har tidligere sagt til Stavanger Aftenblad at foreldrene deres ikke er så begeistret for eksteriøret på bussen.(NTB)