No toppar dei nemleg lista med den nye singelen Sometimes. Den er inne i si andre veke på lista, medan den evige hiten frå i sommar Ambitions ligg på andreplass, etter 25 veker på lista.
Årets norske fenomen
Pallplasseringa til lista denne veka er historisk, med to singlar frå Donkeyboy på topp. Noreg har fått sin første artist med to låtar øvst på singlelista. Og det skjer med ein norsk debutant som enno ikkje har gjeve ut album, fastslår bransjebladet
.Gitarist Peter Michelsen seier til
at dei aldri har tort drøyme om dette på førehand.- Ein kjenner seg litt som om ein står på sidelinja og ser på noko som ein ikkje har heilt kontroll på. Det er morosamt når det går så bra, seier Michelsen.
Musikksjef i Petre Mats Borch Bugge seier at Donkeyboy utan tvil er årets norske fenomen.
- Dei fyller eit vakum som har lagt latent dei siste åra. Det har vore behov for eit nytt norsk friskt pust slik som Madrugada og Big Bang. Det er Donkeyboy i ferd med å bli, meiner musikksjefen.
Historisk
Ifølgje plateselskapet til bandet Warner Music må ein heilt tilbake til 60-talet for å finne noko tilsvarande. Men den gongen med utanlandske stornamn.
I 1964 gjorde The Beatles det same. Jim Reeves klarte ditto i to veker same år. Også Beach Boys skal ha oppnådd same bragd før The Beatles klarte det på ny i 1966.
Debutalbumet til Donkeyboy Caught In A Life kjem ut 19. oktober. Bandet skal
for a-ha på arenakonsertar i Storbritannia og i Oslo Spektrum i november.Sjå Donkeyboy-video på nettsidene til
.