Hopp til innhold

Dømt for Louis Vuitton-kunst

Den danske kunstnaren Nadia Plesner må betale dagbøter på 37.000 danske kroner til motehuset for å stille ut maleriet sitt. Det har ein nederlandsk rett bestemt.

Video Nadia Plesner og Louis Vuitton

Nadia Plesner framfor det kontroversielle maleriet Darfurnica.

Foto: Danmarks Radio

Nadia Plesner og Per Stig Møller

Nadia Plesner og kulturminister Per Stig Møller på opninga av utstillinga hennar i januar. I bakgrunnen maleriet Darfurnica.

Foto: nadiaplesner.com

Louis Vuitton saksøkte Nadia Plesner grunna det kontroversielle maleriet «Darfurnica», som viser ein sveltande gut med ei veske av det eksklusive merket over armen. Plesner er no pålagt å betale dagbøter på 37.000 danske kroner, dersom ho stiller ut eller viser maleriet på heimesida si.

Skuldar 190.000 Euro

– Dei har telt dagar sidan 28. januar, så for augenblinken skuldar eg dei meir enn 190.000 Euro, skriv Plesner på si heimeside.

– Eg høyrde om dette søksmålet først då eg fekk rettsavgjerda. Eg har difor ikkje hatt sjanse til å forsvare meg. Dette er eit klart brot på min ytrings- og kunstnarfridom, skriv ho.

Ho vil saman med advokaten sin i løpet av denne veka prøve å få omgjort rettsavgjerda.

– Det er ein karikatur

«Darfurnica» viser folkemordet i Darfur og kommenterer mediedekninga av kjendisar kontra katastrofar.

– Louis Vuitton hevdar at deira produkt inngår i mitt maleri, men eg meiner at det er snakk om ein karikatur av ei veske. Den er berre ein mikroskopisk del av mitt 32 kvadratmeter store maleri, som er ei oppdatert utgåve av Picasso sitt «Guernica», uttaler Plesner til Politiken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nadia Plesner og Louis Vuitton

Nadia Plesner fekk eit høgt erstatningskrav mot seg då ho lagde t-skjorter med Louis Vuitton-motiv i 2008.

Foto: Danmarks Radio

– Ingenting med ytringsfridom å gjere

Louis Vuitton er mildt sagt misfornøgde med samankoblinga av folkemordet i Darfur og deira merkevare.

– Sjølv om Louis Vuitton ikkje har nokon forbindelse med folkemordet i Darfur, blir det skapt ein link mellom Louis Vuitton og deira produkt på den eine sida og situasjonen i Darfur på den andre, skriv advokatane til firmaet i søksmålet, ifølgje Politiken.

– Dette har ingenting med ytringsfridom å gjere, meiner motegiganten.

Høyr Kulturnytts Sondre Bjørdal rapportere frå Danmark:

Stoppa t-skjorte-sal

Det er ikkje første gong at Nadia Plesner, som studerer kunst i Nederland, er i klinsj med Louis Vuitton.

I 2008 selde ho t-skjorter til inntekt for Darfur, også då med guten og veska på armen som motiv. Men eit høgt erstatningskrav frå det internasjonale motemerket stoppa salet av t-skjortene.

Samlar inn pengar

– Det er ikkje Louis Vuitton som skal diktere kva kunstnarar skal eller ikkje skal male, seier Plesner.

Reaksjonane på rettsavgjerda er sterke i det danske kunstmiljøet. Kunstmuseet i Herning, Heart, vil gjerne stille ut maleriet, skriv Politiken.

No er den danske kunstnaren i gang med å samle inn pengar på heimesida si, for å halde fram kampen mot motehuset.

Video Nadia Plesner og Louis Vuitton

SJÅ: Tidlegare reportasje om Nadia Plesner og Louis Vuitton frå Danmarks Radio.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober