Hopp til innhold

Domstol gjer om overgrepsdommen mot Bill Cosby

Komikaren og skodespelaren Bill Cosby er sett fri etter at ein domstol i Pennsylvania har gjort om overgrepsdommen mot han.

Bill Cosby etter løslatelse

Bill Cosby møtte pressa utanfor huset sitt saman med advokatar og hjelparar etter at han blei sett fri onsdag.

Foto: Matt Rourke / AP

Bill Cosby blei dømd til fengsel mellom tre og ti år for overgrep, etter at han i 2018 blei funnen skuldig i å ha dopa ned og valdteke ei kvinne i 2004.

Juryen fann Cosby skuldig på alle punkt i saka, som blei omtalt som den første rettslege avgjerda i #metoo-kampanjen.

Han anka avgjerda i 2019, men fekk saka avvist. I fjor sommar anka han til høgsterett i Pennsylvania. Dei har no gjort om dommen, og krev at han blir sett fri umiddelbart.

Onsdag kveld er han sett fri, melder AFP.

Cosby møtte pressa ei stund etter at han kom heim. Då sa han gjennom ein av advokatane sine at det var godt å kome heim til kona og barna, og at dei siste tre åra har vore vanskelege.

Stolte på gammal lovnad

Retten seier Cosby hadde stolt på ein lovnad frå ein tidlegare aktor i saka om at han ikkje skulle bli straffa for ting han sa i avhøyr den sivile straffesaka.

Avtalen blei gjort for over 15 år sidan, ifølge Reuters.

Statsadvokat Kevin Steele, som arresterte Cosby, var forplikta til å følge løftet til forgjengaren, slår retten fast.

Høgsterett meinte difor at dei måtte gjere om på dommen, skriv dei i rettsdokumenta.

Mange skuldingar

Rundt 60 kvinner har skulda Bill Cosby for seksuelle overgrep. Dei eldste tilfella er frå midten av 1960-talet, medan dei siste tilfella skjedde på 2000-talet.

Skuldingane hadde mange fellestrekk. Kvinnene seier dei fekk tilbod om hjelp til å få i gang karrierar, og blei invitert på middag. Der blei dei dopa ned med pillar eller drinkar, og deretter utsette for seksuelle overgrep.

Dei fleste sakene er forelda, men ei sak frå 2004 førte til tiltale og dom i 2018.

Les også: Bill Cosby med første opptreden etter overgrepssaken

Les også: Bill Cosby i retten igjen: – Umulig med rettferdig rettssak etter #metoo

Populær familiefar

Den 83 år gamle komikaren og skodespelaren har hatt ei rekke roller i ulike seriar sidan 1960-talet, men er kanskje best kjent for «The Cosby Show» der han i åtte sesongar spelte legen og familiefaren Cliff Huxtable.

Han skreiv også bestseljande bøker om korleis ein burde oppdra barn.

Bill Cosby fra «Cosby show»

Bill Cosby hadde stor suksess med «The Cosby Show» på 1980- og 1990-talet. Han spelte familiefaren og legen Cliff Huxtable i åtte sesongar.

Foto: SCANPIX

Men etter kvart som det kom fram stadig nye skuldingar mot han, og rettsprosessen mot han starta, mista Cosby både jobbar og titlar.

I 2018 blei han kasta ut av filmakademiet som deler ut Oscar-prisane. Han blei også fråteken ein æresgrad ved Temple-universitetet i Philadelphia.

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh