NRK Meny
Normal

Domingo fyller 70 i full fart

Spanske Placido Domingo fyller i dag 70 år som operaverdas største stjerne, og mottoet hans er framleis «kviler eg, rustar eg». NRK møtte Domingo på heimebane i Madrid.

Placido Domingo

Placido Domingo feirar bursdagen sin i Teatro Real i Madrid, nokre steinkast frå der han vart fødd 21. januar 1941.

Foto: Javier Soriano / AFP

Domingo har vore med på meir enn 3500 førestillingar og hatt 130 hovedroller på operahus over heile verda. I dag bur Domingo i Mexico, men songaren skal feire dagen i fødebyen Madrid, der NRK møter han under ein pressekonferanse like før den store dagen.

– Lidenskapen er drivkrafta

Domingo har akkurat no rolla som Oreste i operaen Ifigenia i Tauris av Gluck, og kjem rett frå prøvene til intervjuet. Når han ikkje syng, er han kunstnerisk leiar for operaene i Los Angeles og Washington, i tillegg til at han dirigerer og komponerer. Kvar får han energien ifrå?

– Det er lidenskapen som er drivkrafta, seier Domingo.

– Når den tek slutt, er det over. Men dit har eg ikkje kome enno. Eg elskar operaen, og drar på øving lenge før eg må. Eg har aldri følt, «åh, i dag har eg ikkje lyst til å jobbe».

Les: Orfeus danser

Placido Domingo

Placido Domingo er framleis eit populært fotoobjekt. Her i Teatro Real, Madrid.

Foto: Lillian Olsen / NRK

Fødd like ved operahuset

Han vart fødd nokre steinkast frå operahuset Teatro Real, i Calle Ibiza. Foreldra var kjende songarar på Madrids zarzuela-teater. Og zarzuela, den særspanske operetteforma, var det første han lærte seg å synge.

– Akkurat her vil eg vere på min 70-årsdag, seier Domingo.

– I Madrid, i byen der eg vart fødd. Det er ei stor ære. Eg er jo fødd inn i teatret. Mor song før eg vart fødd, far min også. Eg har levd i teatret heile livet og har teatret inni meg.

Les: Klart for 3D-opera på tv og kino

Slo gjennom på 1960-talet

I 1961 hadde Domingo si første operahovudrolle i den meksikanske byen Monterrey, og same året hadde han sin USA-debut i Dallas. I løpet av 1960-talet etablerte han seg i verdstoppen, og før han fylte 30 år hadde han sunge både ved Metropolitan i New York og La Scala i Milano.

Her kan du høyre han synge og fortelje frå Verdi-operaen Ernani ved La Scala:

Video Placido Domingo syng og fortel frå Ernani

Placido Domingo debuterte ved La Scala i Milano i 1969. Videoen er frå 1982.

Søndag kveld sender NRK2 heile programmet som klippet er henta frå kl 21.10, i Hovedscenen: Placido Domingo 70 år.

Har sunge med Pavarotti og Kyrkjebø

Placido Domingo er ein av ytterst få operasongarar som er berømt også langt utanfor musikkentusiastane sine rekker. Han har delteke i mange ulike samanhengar; som i konsertar med «dei tre tenorane», i lag med Jose Carreras og Luciano Pavarotti, og i OL-hymnen i 1994, i lag med Sissel Kyrkjebø.

Her kan du høyre Musikkredaksjonens reportasje om Domingo:

Feirar med galla og overraskingar

Bursdagen skal Domingo feire i Madrid i kveld, med bursdagsgalla i Teatro Real. Han veit ikkje sjølv kven som skal synge – han likar overraskingar. Etter det skal han halde fram med å glede sitt publikum, blant anna i New York, Tokyo og Paris.

– Det er eit tett forhold mellom oss, mellom publikum og meg, seier Domingo, medan han senkar stemma og bøyer seg litt forover på barkrakken.

– Når du går på scenen må du gi frå deg alt, og gjere folk lukkelege, det er det einaste du skal tenke på. At publikum er der.

Sjå i nett-tv: Domingo syng under minnekonserten for Luciano Pavarotti