Hopp til innhold

Han skriv dødsmusikk som gjer livet lettare

Tord Gustavsen har skrive sitt andre verk på to år som er basert på dødsmesse-tradisjonen. Musikken hans har vore brukt til sorgarbeid, og har røter i hans eigne sorgprosessar.

Tord Gustavsen

Tord Gustavsens «En dialogisk respons på Requiem» er eit bestillingsverk til Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Tord Gustavsens En dialogisk respons på Requiem blir å høyre for første gong denne veka, mindre enn to år etter urframføringa av hans eige Requiem. Men pianisten og komponisten har i fleire år fått tilbakemelding om at musikken hans er til lindring i tøffe tider:

– Mange har fortalt om at musikken har møtt dei og vore til støtte i vanskelege faser i livet, til dømes etter dødsfall, seier Tord Gustavsen.

– Og mange har funne ein slags fred i det meditative aspektet ved musikken vår. Dette er veldig berørande, og gir ein meiningsfull ekstra dimensjon til det vi held på med.

Les: En dyp lytteropplevelse

Musikalsk sorgprosess

Tord Gustavsen miste i 2003 tre nære familiemedlemer i ei trafikkulykke, og musikken var eit viktig haldepunkt i den tunge tida som følgde.

– Både lytting, komponering og konsertverksemd var med på å hjelpe meg vidare, seier han.

– Sorgarbeidet mitt hang saman med dei musikalske prosessane. Eg kan ikkje trekkje fram ein type musikk eller enkeltverk som trøysta meg særskilt, men musikken hjelpte meg ved måten den gjekk inn i heilskapen i livet.

Byggjer på Mozart og Palestrina

Gustavsens nye verk er ein kommentar til dødsmessene til Wolfgang Amadeus Mozart og Giovanni Pierluigi da Palestrina; Mozarts Requiem og Palestrinas Missa pro Defunctis, som Gustavsen har lytta mykje til den siste tida. Men musikken er hans eigen:

– Det finst nokre lenker til deira musikk, til strukturar og motiv hos Palestrina og Mozart, seier Gustavsen.

– Men eg har først og fremst henta stemningsmessig inspirasjon frå disse verka, og late dei påverke mi eiga skriving. Å lytte inngåande til Mozarts og Palestrinas musikk har vore som ei inspirasjonsreise for meg.

Musikken gir ordlaus trøyst

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage har skrive tekstane til «En dialogisk respons på Requiem».

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Gustavsen brukar ikkje tekst frå den tradisjonelle rekviemteksten, men dikt av Lars Amund Vaage som vert lese til musikken.

– Musikken kan skape eit rom for å arbeide med det ein har opplevd, for å oppnå perspektiv, seier komponisten.

– Den ordlause trøysta frå musikken og det formulerte innhaldet kan verke saman.

Gustavsen trur det er viktig at tekstinnhaldet ikkje er ferdigtygde tankar, men eit grunnlag for eigen refleksjon:

– Vi har gjerne mange nok ord frå før – vi treng små mantra, fragment av bodskap som kan vekse i oss sjølve.

Tre favorittrekviem

Når han blir spurt om kva for tre rekviem han set mest pris på, trekkjer Gustavsen fram dei to verka av Mozart og Palestrina som han har jobba med – og ungararen György Ligetis langt nyare Requiem frå 1965.

Om Giovanni Pierluigi da Palestrinas Missa pro Defunctis frå 1591:

– Musikken er prega av repetisjonar og langsam framdrift – den skapar ein meditativ tilstand som passar ensemblet godt. Verket er prega av ei ro som ikkje er ufarleg og tannlaus, men merksam og andektig.

(Framført av koret Chanticleer)

Om Wolfgang Amadeus Mozarts Requiem frå 1791:

– Det har vore ei sterk nyoppdaging å lytte til Mozarts Requiem, det er sterkt melodisk musikk som eg kjenner godt frå før. Det er ein fare å tru at ein har «høyrt ferdig» eit stykke musikk, for meg er det viktig å kome tilbake til kjeldene på nye måtar.

(Framført av Champs-Élysées-orkesteret, La Chapelle Royale, Collegium Vocale, dir. Phillipe Herreweghe)

Om György Ligetis Requiem frå 1965:

– Eg er melodikar sjølv, og Ligeti brukar eit langt krassare tonespråk enn meg. Men musikk treng ikkje vere pen for å vere vakker, som eg brukar å seie. Skjønnheit handlar for meg mest om å søkje sanninga, og Ligetis verk er prega av ulike former for brutal skjønnheit.

(Framført av Berlin-filharmonien, London Voices, dir. Jonathan Nott)

Festival om Requiem

Den romersk-katolske dødsmessa Requiem er tema for Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival, som går føre seg denne veka. På programmet står ei rekkje verk med døden som tema.

Tord Gustavsens bestillingsverk til festivalen, En dialogisk respons på Requiem, ble urframført av Tord Gustavsen Ensemble i Sofienberg kirke, torsdag 31. mars. Musikken er integrert med tekstar av Lars Amund Vaage, som ble lest av Cecilie Jørstad.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)