NRK Meny
Normal

Heidrar avdød glaskunstnar med dødsmesse for glasinstrument

Komponisten Ragnhild Berstad og glaskunstnaren Lars Kværne jobba i lag med ei dødsmesse då Kværne brått døydde i 2010. No er verket klart for urframføring.

Glasinstrument

Desse glasa er laga spesielt til Ragnhild Berstads nye verk.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Ragnhild Berstads nye verk Requiem – Underveis vert urframført i Fagerborg kirke av kor, ensemble og glasspelande solistar under Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival førstkomande laurdag. Men det var ikkje opplagt at verket skulle bli noko av:

Ragnhild Berstad

Ragnhild Berstad.

Foto: Presse

– Det var veldig tragisk då Lars døydde, og eg måtte ta ei runde med meg sjølv før eg bestemte meg for å gjere det likevel, seier komponist Ragnhild Berstad til NRK.

Lars Kværne (1971-2010) var ein svært anerkjend glaskunstnar, og etter at han døydde av hjartestans, var det ein ven og kollega av Kværne som skulle kome til å hjelpe Berstad i mål med prosjektet:

– Ein viktig grunn til å fullføre verket, var at det kunne verte ein hyllest til Lars, eit arbeid i hans ånd. Eg kontakta ein ven av han, Vidar Koksvik, og han laga nye glas. Men eg gjorde først opptak med glasa til Lars, og dei opptaka vert brukt som ein del av rekviet.

Les: Ragnhild Berstad - en poetisk modernist

Ville skrive glasmusikk til minne om mora

Haakon Mørch Stene spelar glasinstrument

Perkusjonist Haakon Mørch Stene under torsdagens prøver.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Ideen til Requiem – Underveis har sitt utspring fire år tilbake:

– I 2008, same året som eg jobba saman med Lars Kværne og laga eit verk for berre glasinstrument, døydde mor mi, fortel Berstad.

Ragnhild Berstads mor var prestedotter og vart i barndomen fascinert av den omreisande predikanten og salmediktaren Matias Orheim, som spelte på glas under eit besøk i bygda der ho vaks opp.

– Mora mi formidla vidare ein kjærleik til bruk av glasinstrument i musikk. Så det vart naturleg å bruke glas då eg skulle skrive noko til minne om henne.

Dirigenten Grete Pedersen, som skal dirigere urframføringa laurdag, oppfordra Berstad til å skrive for kor og glasinstrument, før Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival kom på banen og ønskte seg eit rekviem.

– Ideen til eit rekviem kom altså ikkje direkte frå meg, men å skrive eit slikt verk er noko ein ikkje seier ja til med mindre det er rett for ein å gjere det, seier Berstad.

– Hadde lyst til å få inn meir grovkorna element i lyden

Glasinstrument

Stene gnir to skåler mot kvarandre.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Å berre bruke vanlege drikkeglas var ikkje tilstrekkeleg for komponisten:

– Det å spele på kanten av eit glas gir ein skjør og vakker tone, men det er ein veldig rein og stabil tone som ein ikkje kan gjere så mykje med, seier Ragnhild Berstad.

– Eg hadde lyst til å få inn meir grovkorna element i lyden, og vi prøvde ut mykje forskjellig. Lars fekk ideen om å bruke sand i glasa. Friksjonen mellom dei ulike glasgjenstandane gir ein veldig spesiell lyd med mange støyelement i – bollane syng, skålene kling med, og eg har laga nokre glasklokker som ein gnir mot skålene.

Høyr lyden av dei spesiallaga instrumenta:

Haakon Mørch Stene

Urframføringa finn stad i Fagerborg kirke i Oslo.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Glasa Lars laga, er knust

Både musikk og glas kan vare lenge, men glasinstrumenta Requiem – Underveis er skrive for, vert neppe gamle.

– Glas er eit materiale som på ein måte er veldig bestandig – det vert ikkje påverka av tidas tann – men det kan knusast på ein augneblink, seier Ragnhild Berstad.

– Dei sanddekte glasa vi har laga er ikkje bestandige – sanden vert slipt av når ein spelar på dei. Og dei glasa Lars laga til verket, har eg fått vite er knust, seier Ragnhild Berstad.

Requiem – Underveis vert urframført i Fagerborg kirke i Oslo laurdag 10. mars med solistar, instrumentalensemble, elektronikk og Det Norske Solistkor dirigert av Grete Pedersen. NRK P2 sender direkte frå kl 19.03.