Den pensjonerte Dizzie-artisten viser fram fleire av bileta sine i Norge Rundt fredag.
- Ta ein neve spiker, og det blir ei bikkje! Ta ein klump leire, og det kan bli ein ost, seier han med eit smil. I atelieret hans i Skien finn du både hunden og osten.
- Eg hadde så mange lause spikar i garasjen, så lagde eg likegodt ein hund av dei, ler han. Det blei ein høgreist, stolt mynde, som husets eigen firbeint ikkje syns noko særleg om.
- Han gjekk bort og pissa på kunstverket mitt, ler Gunstrøm. Biletkunstnar har han vore i mange år, og sjølvaste Madonna har han måla. Men det var gjennom gruppa Dizzie Tunes han blei kjent. Musikk- og showgruppa blei avvikla i august i fjor, etter 42 år. Etter det har Tor Erik Gunstrøm lagt mesteparten av reisinga på hylla.
Togtur over fjellet
Norge Rundt fredag legg ut på den aller første togturen i 2003, på Bergensbanen. Dette blir ei reise over fjellet i strålande ver.
26 år gamle Kathrine Staksrud elskar å køyre tog. På turen frå Oslo til Bergen har ho med kjæresten Markus Weger frå Austerrike.
- Vi har gledd oss veldig til å reise over Hardangervidda, det er så koseleg å køyre tog, seier ho entusiastisk. Dei to er på veg tilbake til Bergen etter juleferie. Staksrud og Weger er utdanna lærarar, og medan ho studerer historie grunnfag har han tatt seg arbeid i byen.
Naken mann med hatt
I mørk uniform og kvit skjorte stiller Jan Vidar Paulsen på arbeid som togsjef.
Jan Vidar Paulsen har jobba i NSB i over 40 år.
Han fekk sitt første arbeid i NSB for 42 år sidan, då var han 17 år gamal. I Norge Rundt fredag fortel han at han har sett litt av kvart på turane sine.
- Ein gang fekk vi ombord ein naken mann med flosshatt. Han var på utdrikkingslag med kameratane, ler Paulsen. Dei fleste passasjerane beheld kleda på, men togsjefen meiner folk kjenner seg heime på toget, enkelte gonger nesten for mykje.
- Eg syns det er greit å legge føtene i setet, berre folk tek av seg skorne. Det er det ikkje alle som vil, seier han.
Synnøve Bjørnå (2 1/2) frå Hønefoss på veg til mormor i Bergen.
Syns du det er kjedeleg å køyre tog? Vi kan ikkje love nakne menn med flosshatt, men fredag kveld får du tips om kva du kan gjere på turen over fjellet, om tida går seint. Følg med på Norge Rundt på NRK 1 klokka 19.30 fredag 10. januar