Hopp til innhold

Dirigentlegende ramla av scenen

Den tyske dirigenten Kurt Masur (84) fall baklengs av scenen under ein konsert i Paris. – Eit mirakel at det ikkje gjekk verre, seier den norske dirigenten Eivind Gullberg Jensen.

Kurt Masur

Kurt Masur fall frå podiet under ein konsert i Paris sist torsdag. Her under prøver i Paris i 2002.

Foto: Pierre-Franck Colombier / AFP

Det var under ein konsert med Det franske nasjonalorkesteret torsdag kveld det dramatiske fallet skjedde. Masur fall halvannan meter bakover og trefte første publikumsrad i Theatre dess Champs-Elysees.

Ifølgje dei første meldingane frå sjukehuset kom Masur frå uhellet utan skader, men mandag kom det melding om at det er konstatert brot i skuldra, og at han har avlyst alle konsertar fram til sommaren.

84-åringen har dei siste åra vore ramma av Parkinsons sjukdom, og avlyste ein serie konsertar i Boston tidlegare i år.

– Han fall opp ned på ryggen fordi venstrefoten kom for langt ut på kanten av podiet, det hadde ikkje med helsa hans å gjere, sa ein talsmann for orkesteret til AP.

Les: Her tek verdas eldste dirigent avskjed

Les: Dirigent døydde midt i sørgemarsj

Heidra av Sarkozy

Nicolas Sarkozy

Nicolas Sarkozy minte om Masurs historiske rolle i gjenforeininga av Tyskland.

Foto: ALAIN JOCARD / Afp

Den franske presidenten Nicolas Sarkozy kom fredag med ei utsegn der han ønskte Masur god betring.

Sarkozy kalla Masur ein «legendarisk musikar» og nytta høvet til å minne om den «historiske rolla» dirigenten spelte under gjenforeininga av Tyskland.

Masur var sjefdirigent for Leipzig Gewandhausorkester frå 1970 til 1996. Lenge var han lojal mot DDRs styresmakter, men han stod fram som ein sentral figur under dei fredelege demonstrasjonane i 1989, som leidde til murens fall.

Kurt Masur (f. 1927) flytta sidan til USA, og var sjefdirigent for New York-filharmonien frå 1991 til 2002. Han leidde London-filharmonien frå 2000 til 2007 og Det franske nasjonalorkesteret frå 2002 til 2008, der han sidan har vore æresdirigent.

– Viktig mentor, leiar og ven

Eivind Gullberg Jensen. Foto: Paul Bernhard.

Eivind Gullberg Jensen er ein personleg ven av Kurt Masur.

Foto: Paul Bernhard.

Den norske dirigenten Eivind Gullberg Jensen møtte Masur i Paris seinast i midten av april. Han vart kjend med den tyske dirigenten under kurs tidleg på 2000-talet.

– Kurt Masur har vore ein viktig mentor, leiar og ven for meg, seier Eivind Gullberg Jensen på telefon frå København. Han vart ikkje altfor overraska då han høyrde om uhellet i Paris:

– Han er på ingen måte den han var fysisk sett, mellom anna er synet blitt dårlegare, seier han. Gullberg Jensen er svært glad for at det ikkje gjekk verre med venen og mentoren Masur – noko han kallar «eit mirakel».

– Har lært meg mykje om viljen til å uttrykkje noko

I 2005 ringte Masur Gullberg Jensen og spurte om han på kort varsel kunne dirigere Det franske nasjonalorkesteret sidan han sjølv var nyoperert og måtte melde forfall.

Konserten vart ein suksess, og vart eit viktig springbrett til nye oppdrag for Gullberg Jensen – i dag sjefdirigent for Hannover Radiosymfoniorkester.

Les: Dirigerer Berlin-filharmonien

– Masur har lært meg mykje om viljen til å uttrykkje noko som dirigent, seier Gullberg Jensen.

– Eg er ikkje sikker på om eg vil halde på så lenge som han – i så fall må det vere fordi eg klarer å behalde engasjementet og motivasjonen slik han har klart det.

– Han er nok ikkje like god teknisk som før, men uttrykksregisteret er like stort. Dessutan er han glasklar i toppen – han har minne som ein elefant og kan utan vanskar fortelje historier om sine møte med Karajan og andre dirigentar frå langt tilbake.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.