Hopp til innhold

Dior får kritikk for «krisevisning»

Det ærverdige motehuset Dior blir slakta for første kolleksjon utan John Galliano bak roret.

– Rotete og dum, skriv The New York Times om kolleksjonen.

Eit av verdas største motehus, Dior, er i hardt veir etter at deira nye kolleksjon vart presentert i Paris i går. Motehuset står framleis utan sjefsdesignar etter at John Galliano vart sparka i februar, og kritikarane er lite nøgd med utviklinga.

Les:

FASHION-FRANCE-DIOR -

Diorhuset er i hardt veir etter at John Galliano måtte gå. Den siste kolleksjonen får ikkje mykje skryt frå kritikarane.

Foto: FRANCOIS GUILLOT / Afp

Bill Gaytten, ny kreativ sjef i Dior, stod bak kolleksjonen. Han presenterte pastellfargar, klovnesminke, kubehattar og ballar festa i håret på modellane, inspirert av arkitektoniske former og Dior-legenda Marc Bohan.

– Kolleksjonen var eit rot

Det er første gong sidan 1997 at Dior har visning av ein kolleksjon som ikkje er designa av John Galliano. Gaytten kom som studioassistent til Dior i 1999, henta inn av John Galliano.

Han får ikkje gode kritikkar for sin første Dior-kolleksjon.

– Eg likar Mr. Gaytten. Han er ein «sweetheart», men ikkje ein designar. Kolleksjonen som vart presentert i dag, med moderne arkitektoniske former som referanse (som i alle fall forklarar dei dumme kubene og ballane som var festa i håret på modellane), var eit rot, skriv motekritikar i The New York Times, Cathy Horyn.

Ho meiner at Dior er ein del av fransk historie og at motehuset må finne ein designar som kan framvise ein estetisk visjon for den neste dekaden.

Også verdas største moteblad, Vogue, er forundra over kolleksjonen.

– Det var eit misforstått forsøk på å sette eit framand fingermerke på ein estetikk som, på godt og vondt, er ein av dei mest definerte i moteindustrien, skriv kritikaren Tim Blanks.

(Artikkelen held fram under biletet)

FASHION-FRANCE-DIOR -

Ein modell på catwalken under haute couture-visninga i går.

Foto: FRANCOIS GUILLOT / Afp

– Ei krise

Motekritikar i The Financial Times, Vanessa Friedman, lurer på kvifor Dior ikkje stod over å vise denne sesongen, og kallar showet «ei krise».

– Kanskje har dei smarte folka i Dior forstått at merket treng ein «rebound-boyfriend» mellom suksessfulle designarar: Nokon som kan nullstille merket og viske ut kundane sitt minne om Dior og gjere dei klare for nye idear, spekulerer ho.

Britiske The Telegraph er blant dei få som gir Gaytten god kritikk og meiner det er starten på ein ny æra.

No spør alle seg kva som skal skje med det store motehuset. Bernard Arnault, som eig Dior-selskapet, ville ikkje svare på om Gaytten var aktuell for jobben som sjefsdesignar, men har varsla at den nye designaren blir presentert i september.

Klede for prinsesser og nyrike

Det er haute couture-kolleksjonane som blir vist i Paris denne veka, og det er den høgste formen for saumkunst. Kun motehusa som er godkjent av det franske motekammeret Chambre Syndicale får bruke denne merkelappen.

Kundane er for det meste kjendisar, fyrstar, prinsesser og millionærar, spesielt nyrike frå Kina, Russland, De Arabiske Emirater og Saudi-Arabia. Som regel sit A-lista klar på første rad med stylistane sine for å plukke ut antrekk til store anledningar - for eksempel neste års Oscar-utdeling.

FASHION-FRANCE-DIOR -

Klovnehattar og -sminke fall ikkje i smak hjå tungvektarane i motebransjen. Kva skjer med Dior vidare?

Foto: FRANCOIS GUILLOT / Afp

Fyrstebryllaupet i Monaco viste fram mykje av det som haute couture står for. Brudekjolen til prinsesse Charlene var designa av Armani, med 40.000 swarovskikrystallar og 20.000 perler på. Dette er typisk for couture-plagg: Dei er spesialsydde for høgtståande klientar, med enorme mengder stoff, dei dyraste materialar og mest eksklusive design.

Les: Her er brudekjolen til Charlene

Kjolar for 400.000 kroner

Sjølv om mange av couture-kleda kan verke overdådige og kostymeaktige, gir dei ein peikepinn på kva trendar som kjem. Fargane, mønstra og snitta går ofte igjen i dei vanlege kolleksjonane som blir vist på motevekene i september.

Ein kjole kan koste opp mot 400.000 kroner, og fleire av dei blir nesten aldri brukt. Det fins nemleg fleire som samlar på slike kjolar, som om dei skulle vere kunstverk, og arkiverer dei i samlingane sine eller har dei på utstilling.

Couture-visningane er designarane sin sjanse til å vise kva dei kan og ta visjonen sin heilt ut. Dei får hyre inn ekspertane som jobbar i dei beste franske systovene for å lage eksklusive kunstverk.

Men inntektene frå desse visningane er beskjedne og dei siste åra har fleire motehus måtte kaste inn handkleet og slutte med couture-kolleksjonar. Meininga med visninga er å oppnå publisitet. Ei formue, tent på sal av parfymer, sminke og vanlege klede, blir brukt på å lage desse kolleksjonane.

26 motehus viser slike kolleksjonar i år i Paris. I dagane som følgjer vil Chanel, Valentino, Armani og Givenchy vise sine eksklusive kolleksjonar.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober