Han hadde venta lenge, men i natt var det endeleg Leonardo DiCaprio sin tur. Då han blei ropt opp som Oscar-vinnar for rolletolkinga han gjorde i «The Revenant», blei det sendt 440.000 gratulasjonsmeldingar i minuttet på Twitter, skriv Entertainment Weekley.
Dette gjer det til den mest twitra augneblinken i Oscar-historia. Den førre rekorden var det Ellen DeGeneres som hadde. Då ho som Oscarvert la ut ein stjernespekka selfie i 2014, blei det sendt 255.000 meldingar i minuttet.
DeGeneres var sjølv ein av dei som bidrog til den nye rekorden, saman med blant andre Kanye West og Juliette Lewis:
DiCaprio takka for gratulasjonane på Twitter. Og i takketalen sin under Oscar-showet tok han mellom anna opp klimaendringane:
– Vi kan ikkje ta planeten for gitt. Eg tek ikkje denne kvelden for gitt. Klimaendringane er ekte. Dei skjer akkurat no.
Dei nest mest og tredje mest twitra augneblikka under den 88. Oscar-utdelinga var då filmen «Spotlight» som vann prisen for beste film, og då «Mad Max: Fury Road» vann sin sjette pris for beste lydmiks.