Hopp til innhold

Diana, folkets prinsesse

Fredag er det 10 år sidan Englands rose døydde.

Prinsesse Diana
Foto: MARK LENNIHAN / AP

Blomsterhav foran Kensington Palace i forbindelse med prinsesse Dianas død.

Blomsterhav foran Kensington Palace i forbindelse med prinsesse Dianas død.

Foto: BEBETO MATTHEWS / AP

- Det er rart å vere i London i desse dagar. Stikk ein innom kiosken på hjørnet for å kjøpe ei leskande øl eller brus blir ein møtt med eit dagleg berg av ferske aviser og veggar dekka av magasiner og vekebladar. Dei bærer nesten berre dei same motiva, Diana, ei prinsesse som har vore død i 10 år, fortel Jostein Pedersen frå London.

Det er ikkje berre i desse dagar at aviser og magasiner skriv om Diana. Nesten dagleg i desse 10 åra sidan hennar død har ho vore førstesidestoff i ei eller anna form, og dagleg leggast det ned blomar framfor hennar siste bustad, Kensington Palace her i London, og det av menneskjer frå heile verda, fortel Jostein.

Diana (1970)

Diana i 1970

Foto: AP

Født lady

Diana blei født som ei lady. Då ho var sju år skilte foreldra seg.

- Det var ei skandale i dei krinsar, ikkje minst fordi det var mora som gjekk. Dette var øydeleggande for borna, forklarar Jostein.

Diana var ikkje eit skulelys, noko som heller ikkje var forventa av ho.

- Ho slutta på skulen då ho var 16 år, og tok eit franskkurs på ein kostskule i Sveits før ho blei barnehageassistent i London.

Første møte

Det var på eit av jaktselskapa heime på godset at ho i 1977 først møtte prins Charles.

- Den gong sverma han for storesystera Sarah.

Neste gong dei såg kvarandre igjen var i 1980, og då gjekk det fort.

Prinsesse Diana og prins Charles gifter seg 29. juli 1981.
Foto: AP

Fridde og fekk ja

I februar 1981 fridde Charles til Diana, og fekk sitt ja. Og det er frå denne perioden at verda blei kjent med den alltid smilande jenta.

- På veg ut eller inn av ein liten bil på veg til jobben i barnehagen, fortel Jostein.

HØYR: Jostein Pedersen om lady Diana

Frå lady til prinsesse

Den dagen lady Diana blei prinsesse og fekk sin prins Charles sto verda nesten stille. Bryllaupet gjekk direkte på fjernsyn til over 50 land og for ein milliard sjåarar.

- Sommaren 1981 var ein dårleg sommar i London, med få dagar med fint ver, men på bryllaupsdagen den 29. juli var sola der, og det var 22 grader.

Britane er ikkje akkurat kjent for å takke nei til fest og glamour, og det gjorde dei heller ikkje denne dagen.

- Over to millionar menneskjer fylte gatene for å feire brudeparet, og mange butikkar var stengt. Men kva gjorde vel det når pubane var ope, fortel Jostein.

- Verda har aldri sett noko liknande, ikkje før eller sidan, takk og lov, seier Jostein litt sarkastisk.

Diana mottar pris for sitt arbeid for barn med kreft og HIV (1996)

Dette bildet er av Diana då ho mottek ein pris for sitt arbeid for barn med kreft og HIV i 1996.

Foto: VINCENZO RAGGI / AP

Populariteten eksploderte

Monarkiet sin popularitet eksploderte etter bryllaupet. Diana var glamorøs, men på same tid gjorde ho vanleg ting som å gå på kino og hamburgarbar.

- Tidlegare var dette utenkjeleg å gjere for ei prinsesse, og framtidig dronning.

Duran-Duran fan

Diana likte popmusikk og Duran-Duran var favoritten. Ho støtta ganske kontroversielle organisasjonar, som arbeid for dei heimlause og aidssjuke.

- Noko som og har inspirert det norske kronprinsparet, fortel Jostein. Det var kanskje dette som gjorde ho så populær, kombinasjonen av det uoppnåelege og det nære.

Prins Charles med sønnene William og Harry under Dianas gravferd.

William og Harry saman med faren under gravferda til Diana.

Foto: JOHN GAPS III / AP

William og Harry

- 11 månadar etter bryllaupet, den 21. juni 1982 kom William til verda, og den 15. september 1984 blei Harry født.

Diana gjorde ein avtale med pressa om at prinsane skulle få vere i fred, dei to gutungane fortente å vokse opp så normalt som mogeleg.

Gutane blei berre fotografert i offisielle samanheng, utanom det skulle dei vere private.

- Og mirakel over alle mirakel dette respekterte den britiske pressa, seier Jostein.

Diana var ei moderne mor. Ho kombinerte yrkesliv, altså prinsessejobben, med å vere mamma.

- Det var ingen tvil om at ho ville gje dei to gutane sine all den kjærleik som ho aldri fekk sjølv i sin barndom.

Fasaden sprakk

- Men så byrja fasaden å slå sprekker, rykta byrja å gå. Verken prins Charles eller prinsesse Diana såg glade eller lykkelege ut. Ho blei tynnare og såg deprimert ut.

- Byrjinga mot slutten hadde starta, fortel Jostein.

HØYR: Jostein Pedersen om bryllaupet

Separasjon

Nyheita om at Charles og Diana skulle separerast blei offentleggjort i 1992 av statsministaren.

- Det var ikkje å fatte, draumen var over. Arveprinsen skulle skilast.

- Medan maktmenneskjer diskuterte spørsmål som "kunne prinsessa ein dag bli dronning? Kva gjer vi eigentleg med den framtidege kongen si mor?", så var folket sin sympati utvilsamt på Diana si side.

Prins Charles låg lavt i terrenget, og fekk trøst av sin mangeårige venn Camilla, som då var gift på si side.

- Diana sin popularitet steig om mogeleg til hysteriske høgdar. Det at ho skulle skilast gjorde ho endå meir folkeleg, seier Jostein.

Utroskap

I november 1995 i eit fjernsynsintervju innrømte Diana å ha hatt ein annan og at ho ikkje ville ha ei skilsmisse. Det var då ho sa dei berømte orda om at dei var tre i ekteskapet, og at det kunne bli litt mykje.

I juli 1996 var dei formelt skilt. Paret skulle ha delt foreldrerett.

Dodi Al-Fayed; prinsesse Diana

Dodi Al-Fayed og Diana.

Foto: PATRICK BAR / AP

Ny kjæraste

Diana sin nye kjæraste var Dodi Fayed, 42 år gamal og son av Mohamed al-Fayed, den fargerike og kontroversielle eigaren av blant anna fotballklubben Fulham, varemagasinet Harrods i London og Ritz hotell i Paris.

- Dodi var ikkje berre hennar nye kjæraste, han blei og hennar siste.

HØYR: Jostein Pedersen om seperasjonen

Jostein Pedersen

Jostein Pedersen rapporterte for NRK Dagsnytt. Han trudde nesten ikkje det han sjølv sa.

Foto: NRK

Rapporterte til Dagsnytt

- Eg hugsar det godt, klokka var seks norsk tid. Eg rapporterte til NRK Dagsnytt at Diana, prinsessa av Wales hadde død i ei bilulukke, og det berre nokre timar tidlegare, mimrar Jostein.

- Det var nesten som eg ikkje trudde det eg sjølv sa. Det blei ei merkeleg pause mellom min kollega i Dagsnytt og meg etter at rapporten var ferdig.

Berre nokre få timar seinare tok Jostein turen til Kensington Palace, der dei første blomane allereie låg utanfor smijernsporten.

- I løpet av veka som gjekk skulle det danne seg det største havet av blomar verda nokon gong hadde sett.

Det var merkeleg for Jostein å stå opp i London denne varme dagen i august.

- vi sto opp til sørgjemusikk på radioen, og såg på nyheitene. Vi kunne ikkje tru det.

Siste bildet av Diana

Dette er det siste bildet av Diana.

Foto: AP

Saman med sin kjære

- Diana døydde saman med han som mange meinte at skulle bli hennar ektemann, Dodi Fayed, og deira sjåfør.

Dei hadde vore på feire og hadde ete på Ritz hotell i Paris då dei kjørte vekk frå hotellet, i alt for stor fart og sjåføren var påverka av alkohol.

Jostein fortel at under gravferda var det merkeleg å vere i London.

- Å stå i Europa sin største by blant millionar av mennekjer og det einaste ein kan høyre er summinga av bilane, fortel Jostein.

Det var nærare 2,5 milliardar menneskjer som over heile verda var med Diana til hennar siste kvilestad.

Diana, prinsessa av Wales blei berre 36 år gamal.

HØYR: Jostein Pedersen om gravferda

Prinsesse Dianas kiste bæres ut fra Westminster Abbey (1997)

Prinsesse Dianas kiste bæres ut fra Westminster Abbey (1997)

Foto: PETER DEJONG / AP

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober