Hopp til innhold

Dette gledde kulturkjendisane i året som gjekk

Fransk film, svensk gangsterrap og tysk drama i nynorsk drakt var berre noko av det som gjorde inntrykk på norske kulturkjendisar i 2021.

Titane, Einar og Tolvskillingsoperaen

«Titane», Einár og «Tolvskillingsoperaen» er nokre av årets kulturopplevingar.

Foto: Another world entertainment, HENRIK MONTGOMERY, Dag Jenssen

Mange vil seie at 2021 har vore eit spesielt år for kulturen. Men sjølv om det har vore mykje pandemiprat, så har det blitt skapt utruleg mykje kultur i år.

Det blei gitt ut film, musikk og bøker. Det har vore teaterførestillingar, konsertar og kunstutstillingar. Og det blei skapt augneblink som rørte, begeistra og laga minne for dei som opplevde det.

Vi har spurt nokre av Noregs kulturkjendisar kva opplevingar som greip dei og som gjorde ekstra inntrykk. Dessutan har vi spurt kva dei gler seg til i året som kjem.

Sigrid Bonde Tusvik Foto: Marit Hommedal/NTB

Sigrid Bonde Tusvik

Komikar Sigrid Bonde Tusvik hadde ei utanomjordisk kunstoppleving i København. I utstillinga «Event Horizon» av Tomás Saraceno var store, mørke rom under jorda i tidlegare vassreservoar fylt opp med vann. Her rodde publikum rundt i svarte robåtar og såg installasjonar, videokunst og eit opplyst spindelvev-kunstverk.

Det var som å vere i universet, heilt stille og ikkje lov å snakke. Eg drøymer om at vi gjer meir sånt i Noreg. At vi tørr å ha ei underjordisk utstilling i dei gamle katakombane under Oslo til dømes.

– Kva gler du deg til i 2022?

Neste kulturoppleving håper eg blir «Hamlet» på Nationaltheatret. Eg er ein stor «Hamlet»-elskar, heilt sidan vi spelte stykket i dramaklassen på Fagerborg vidaregåande.

Kamelen - Foto: Robert Rønning/NRK

Kamelen

Bergensrapparen Kamelen vil nytte høve til å hylle sin svenske rap-kollega Einár, som vart drepen i Stockholm tidlegare i haust.

– Eg har høyrt ein del på Einár. No vart han skoten og drepen, og då har eg høyrt endå meir på han. Men eg har faktisk høyrt mykje på Einár før det og, seier Marcus Kabelo Møll Mosele alias Kamelen.

– Dette musikkåret blir dedikert til han på ein måte. Og ikkje berre det siste albumet, men mange av singlane og samarbeidslåtane òg.

Mosele har tidlegare beskrive Einár som eit vanvitig rap-talent.

– Kva gler du deg til i 2022?

– Å spele konsertar og sjølv gå på konsertar, og «Snabba Cash» sesong to, seier Mosele.

Jan Eggum Foto: Stian Lysberg Solum/NTB

Jan Eggum

Artisten Jan Eggum, som fylte 70 i år, er ein ivrig filmsjåar, og brukar å få med seg dei store filmfestivalane i både Haugesund og Tromsø. Under årets filmfestival i Haugesund gjorde den finsk-russiske filmen «Sovekupe nr 6» eit sterkt inntrykk på Eggum.

Filmen imponerte Eggum med måten den framstiller korleis to personar, trass særs ulik alder, bakgrunn, språk og kultur, kan nærme seg kvarandre.

Det er eit finsk-russisk meisterverk, og den beste filmen eg har sett i år. Det er ekstremt godt spelt. Dessutan har eg aldri sett ein skodespelar spele dritings så bra som Borisov gjer.

– Kva gler du deg til i 2022?

– Eg gler meg til meir god film på Tromsø internasjonale filmfestival i januar.

Kristine Kujath Thorp - Foto: Javad Parsa/NTB

Kristine Kujath Thorp

Skodespelar Kristine Kujath Thorp blei blåst av banen av den kontroversielle franske filmen «Titane», som blei lønna med gullpalmen under årets filmfestival i Cannes.

Det er ein heilt utruleg vakker, grotesk og tidvis veldig morosam film. Den er djupt fascinerande, storslått fotografert, orkestrert og spelt. Eg gjekk ut av kinosalen med total overtenning over at filmar som denne blir laga.

Filmpolitiet meldte «Titane» då den hadde Noregspremiere i november.

– Kva gler du deg til i 2022?

– Eg gler meg til å endeleg få dra på ein Elvis Presley tribute-konsert som skulle på verdsturné i 2020, men som blei utsett. Verdas beste Elvis-imitator, Dwight Icenhower, står på scena i København med deler av Elvis sitt originale band. Det kan ikkje bli anna enn feitt.

Nikolai Torgersen - Foto: Javier Auris/NRK

Nikolai Torgersen

Kunstnar Nikolai Torgersen vart mest gripen av Det Norske Teatret sin moderne versjon av Bertolt Brechts politiske eventyr «Tolvskillingsoperaen» frå 1928.

– Moderniseringar av gammalt materiale kan ofte bli litt i overkant «whooho – Askepott matchar med prinsen på Tinder!!», men dette var berre ekstremt velregissert og fint. Eg var redd for at to timar og 30 minutt utan pause kunne bli ei tolmodsprøve, men det var nesten ikkje eit kjedeleg sekund.

NRK sin teatermeldar, Karen Frøsland Nystøyl, meldte «Tolvskillingsoperaen» tidlegare i haust.

– Kva gler du deg til i 2022?

– Eg har ennå ikkje fått sett heile Munchmuseet. Eg gler meg til å setje av ein heil dag på nyåret til å sjå alt.

Hanne Krogh - Foto: TV 2

Hanne Krogh

I sommar fekk Hanne Krogh eit nytt perspektiv på Ibsen, og inspirasjon til å lese han på nytt.

I ur-oppsetjinga, «Din Ibsen», skriven og regissert av Birgit Amalie Nilsen, var dottera Amalie Krogh Sundbø ein av fem skodespelarar. I scenar frå ulike Ibsen-stykke tek Ibsen sin uekte son, Hans Jacob Henriksen, eit oppgjer med sin far.

Stor kultur for meg er kunst som evner å vise noko velkjend ved å setje lys frå ein heilt anna vinkel. For første gong forstod eg hans stadige tilbakevending til det viktige valet mellom å leve sitt liv for andre, og plikta til å oppfylle sine eigne mål og talent.

– Kva gler du deg til i 2022?

I 2022 gler eg meg til å sjå alle norske kunstnarar kome ut frå sine hi og endå ein gong vise oss kven vi er, gjennom sin kunst. Eg ser fram til å fråtse i alt dei leverer når verda vaknar igjen.

Sandeep Singh Foto: Jonathan Vivaas Kise

Sandeep Singh

Programleiar og podkastar Sandeep Singh fell pladask for det mørke elektropop-bandet Das Body. Bandet blei nominert til Spellemann 2020 i klassen indie/alternativ for sitt album «Peregrine».

– Dette seier eg ikkje berre fordi det har vore få konsertar i år, for Das Body på Parkteateret i haust er den beste konserten eg har opplevd på om lag fem år. Det er ikkje kvardagsleg å støyte på eit norsk band som nailer liveshow, låtmateriale og stjernefaktor på ein og same tid.

– Kva gler du deg til i 2022?

– Om eg ikkje får den store sommarfestivalen, Øyafestivalen 2022, så satsar eg på ein ulovleg rave i skogen.

Aurora - Foto: Isak Okkenhaug

Aurora Aksnes

Popstjerna Aurora sin mest givande kulturaugneblink er med ein ung artist som enn så lenge er ukjend for mange. Det var nemleg nykommaren Hannah Storm som sette kjenslene i sving hos osingen.

– Eg såg Hannah Storm spele ein av sine første konsertar på Bylarm. Det var heilt eineståande. Det er så vakkert å sjå ein ny blomster blomstre før ho i det heile teke veit kor vakker verda kjem til å synast at ho er! Bylarm var ein nydeleg fest, seier Aurora.

– Kva gler du deg til i 2022?

Til neste år gler eg meg til å sjå kulturlivet blomstre igjen. Vi menneske treng å samle oss! Over mat, øl, musikk og latter. Eg gler meg veldig til Øyafestivalen. Eg trur det blir fantastisk.

Erik Poppe Foto: Joakim Nilsson/NTB

Erik Poppe

Regissør Erik Poppe sitt høgdepunkt i 2021 er kanskje overraskande for nokon.

– Årets overrasking var Stein Torleif Bjellas roman «Fiskehuset», som var ei herleg oppleving å lese. Den synest eg var fantastisk. Eg er ikkje eigentleg så oppteken av karar og mannfolk og gubbar, men den var utruleg fin. Årets opptur.

Poppe vart spesielt gripen av Bjella sin måte å skrive på.

– Det er ein naken, men ujålete tekst, langt frå Vagant-generasjonens ofte borgarlege språk-jåleri. Den er både lågmælt og klokt skriven. Eg likte språket og bileta hans utruleg godt, så Stein Torleif Bjella har eg fått kjempesansen for.

NRK sin litteraturkritikar Jonas Hansen Meyer meldte «Fiskehuset» i haust.

– Kva gler du deg til i 2022?

– Eg gler meg til å få sett «Hamlet» på Nationaltheatret. Det er eit stykke som eg veit er så sabla bra. Eg har tilrådd det for så frykteleg mange, utan sjølv å ha sett det, og fått glade folk tilbake som takkar for tilrådinga, så har eg endå ikkje sett det sjølv.

Anette Trettebergstuen Foto: Stortinget

Anette Trettebergstuen

Kulturminister Anette Trettebergstuen har kjent på koronaåret, men har likevel ei oppleving ho gjerne vil trekkje fram.

Det var jo dessverre litt skrint med kulturopplevingar i 2021, grunna pandemien. Eg sakna å oppleve konsertar, teater og festivalar. Men det var eit par opplevingar.

Den beste var å få oppleve Øyafestivalen i nedskalert storleik, tre dagar til ende, med norske band. Det var etterlengta, og eg synest arrangørane løyste det heile elegant innanfor smittevernreglane. Vi er mange som var glade for at dei fekk til det, seier Trettebergstuen.

– Kva gler du deg til i 2022?

– Eg gler meg til så mykje! Og håpar vi raskt kan gå i gang med å oppleve, på nyåret. Spesielt gler eg meg til festivalsommaren, seier Trettebergstuen.

Ønsker du anbefalingar frå NRK sine kulturkritikarar, sjekk lenkene under:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.