Hopp til innhold

Dette bygget vil ikkje KrF ha

Partiet meiner vinnarforslaget til nytt Munch-museum er stygt, og vil øydeleggje for Operabygget.

Lambda - det nye Munch/Stenersen-museet
Foto: HAV Eiendom

Tysdag vedtok Oslo byråd at dei vil ha høghuset til den spanske arkitekten Juan Herreros som nytt Munchmuseum ved sidan av Operaen i Bjørvika.

Dermed går dei inn for førstevalet til juryen i arkitektkonkurransen.

Kulturbyråd Torger Ødegård (H) var tysdag særs nøgd med valet til byrådet i hovudstaden.

- Eg er glad for at vi er eit stort skritt nærare å få etablert eit fantastisk nytt Munch-museum.

Men stortingsrepresentant for KrF, Hans Olav Syversen, vil arbeide for at ein av dei to andre vinnarane av konkurransen blir bygd.

- Bør snu i tide

Hans Olav Syversen

Hans Olav Syversen.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

- Eg synest det er eit veldig uheldig val. Bygget framstår som ein byggjekloss i glas med ein liten knekk, som blir ståande som ein stor vegg høgt over Operaen. Dette skal bli eit av Oslos signalbygg, så her bør ein snu i tide.

Byrådet vil truleg rette seg etter byantivkaren si tilråding om å gjere huset noko slankare og lavare., samt ta av to etasjar av bygget, som opprinneleg skulle vere 14 etasjar høgt.

Men dette held ikkje for Syversen i KrF. Han fryktar at bygget kan hamne i det samme uføret som statuen av kong Olav, som også møtte stor motstand , men som få torde å ta avstand frå før den så og seie var ferdig utforma.

- Eg er redd for at ein no har starta ein prosess som ikkje let seg snu, før ein ser kor gale dette ber av stad. Statuen kunne ein flytte på, det går ikkje med ei bygning.

Blir avgjort i august

Frp og kulturbyråd Torger Ødegårds parti Høgre som har byrådsmakta i Oslo, har ikkje fleirtal i bystyret.

Den endelege avgjerda kjem difor først over sommaren, når bystyret skal handsame saka.

Då vil byrådet si innstilling ikkje få støtte frå Hans Olav Syversen og KrF.

- Eg vonar at bystyret vil bruke god tid på dette, og sjå på bygget utifrå omgivnadane, og Operaen, som skal vere hovudbygget i området.

Venstre er positive

Ola Elvestuen

Ola Elvestuen.

Foto: Svein Ommundsen

Venstre har foreløpig ikkje tatt stilling i saka. Men i følgje leiar i byutviklingskomiteen, Ola Elvestuen, kan det gå mot at Venstre støttar Høgre og Frp.

- Vi skal ta eit standpunkt i bystyret i slutten av august. Men det er nok ganske samstemt om at vi i utgangspunktet støttar juryens forslag.

- Venstre har vore eit av parti som har uttalt seg kategorisk negativt mot høghus. Korleis stiller det seg i denne samanhengen?

- Vi er kritiske til høghus, spesielt når det gjeld barcode-bygga i Bjørvika. Men vi har alltid meint at viktige bygg kan vere høge.

Kulturstrøm

  • Samisk Netflix-film på topp ti i 71 land

    Loga sámegillii.

    Den samiske Netflix-filmen «Stjålet» er allerede etter få dager blitt tidenes samiske kommersielle filmsuksess.

    Filmen er på topp ti-lista over mest sette filmer i 71 land, blant annet i USA, Canada, Storbritannia, Norge og Sverige.

    Det opplyser regissør Elle Marja Eira på sin Facebook-side.

    Handlingen i thrillerfilmen er i et reindriftsmiljø i Nord-Sverige. Filmen ble sluppet internasjonalt på fredag.

    Filmen er laget etter Ann-Helén Laestadius sin kritikerroste roman «Stjålet».

    Spent gjeng på tur til førvisning av Netflix-filmen "Stjålet" i Kiruna, april 2024
    Foto: Wenche Marie Hætta / NRK
  • «Ringenes Herre» blir 15 timar lang opera

    Fantasyklassikaren «Ringenes Herre» av J.R.R. Tolkien blir opera for første gong. Det melder Sveriges Radio.

    Det er den britiske komponisten Paul Corfield Godfrey som skriv musikken. Innspelinga av musikken har allereie starta av nasjonaloperaen i Wales, og skal sleppast i 2025.

    Operaen blir delt inn i fleire framsyningar, på til saman 15 timar og 30 kapittel.

  • Kadetten avlyser også 2024-festivalen

    Festivalen Kadetten i Sandvika, som kaller seg Norges største hiphopfestival, avlyser årets utgave.

    «Det er med tungt hjerte at vi må meddele at Kadetten 2024 er avlyst», står det på festivalens Instagram-side , og gjengitt av YLTV.

    «Det er utrolig leit, vi var overbevist da vi relanserte festivalen i år at situasjonen og markedet hadde snudd – sånn ble det ikke. Kombinasjonen av vesentlig høyere priser på alt av artister i sjangeren, usikre og innstilte turnéplaner, høyere kostnader og mindre kjøpekraft blant vårt publikum gjør at vi ikke ser det mulig å gjennomføre festivalen i år», står det om årsaken til avlysningen.

    Ifølge Instagram-posten vil kjøpte billetter refunderes automatisk.

    Kadettenfestivalen ble avlyst også i 2023.

    Cezinando på Kadetten 2022
    Foto: Eskil Olaf Vestre / NRK P3