Hopp til innhold

Dette bør du få med deg på Oslo World

Elgitar, heimelaga instrument, elektronika, og trekkspel. Under Oslo World Music Festival speler artistar frå heile verda, og her er artistane du burde ta ein lytt til.

Oslo World Music Festival montasje

BØR HØYRAST: Frå venstre: Khaira Arby, Mbongwana Star, Hello Psychaleppo, Chango Spasiuk.

Foto: Oslo World Music Festival/Ignacio Arnedo / Montasje pressefoto

Programledere i Jungeltelegrafen Sigbjørn Nedland (bak) og Arne Berg

Arne Berg (fremst) er ein av to programleiarar i Jungeltelegrafen. Bak står Sigbjørn Nedland.

Foto: Ole Jørgen Kaland

– Oslo World Music Festival er ein festival som er litt som Roskilde: Du veit ikkje kven halvparten av artistane er, men det er store opplevingar i vente for den som har øyra opne, seier Arne Berg i Jungeltelegrafen på P2.

Oslo World Music Festival byrjar den 27. oktober og varer i seks dagar. Temaet for årets festival er «Tilhørighet», og musikarar frå heile verda opptrer på over 30 konsertar. Arne Berg har plukka ut dei mest spanande musikarane du burde høyre.

– Festivalen manglar kanskje eit stort namn eller to, men er den til gjengjeld heilt fabelaktig på morgondagens heltar, seier Berg.

1. Batida

Pedro Coquenão/Batida

FARGEFEST: Batida er ifølge Arne Berg ein fargefest på scenen.

Foto: Oslo World Music Festival

Pedro Coquenão, eller «Batida» som er scenenamnet hans, er portugisisk og angolsk, og er ifølge Arne Berg ikkje lett å plassere.

– Han utset den tradisjonelle populærmusikken frå Angola, «semba», for den regjerande musikksjangeren i dag, den steinharde «kuduro»-musikken som vart utvikla i Angola i 1980-åra, seier Berg.

– Det gjer han med eit klart politisk innhald, forklart med dansegolvet som arena! Han har også ein stor bonus med seg; nemleg at han er ein visuell fargefest på scenen, legg Berg til.

SJÅ VIDEO:

HØYR MEIR: Soundcloud – Batida

2. Mbongwana Star

Mbongwana Star

INTERESSE: Staff Benda Bilili skapte enorm interesse i 2009, og no er Mbongwana Star aktuelle på Oslo World.

Foto: Pressefoto Mbongwana Star

Etter at dei hadde budd mange år på gata i Kinshasa i Den demokratiske republikken Kongo, fekk verda augo opp for rumbamusikken til musikarane i Staff Benda Bilili i 2009.

– Med sine rullestolar, heimelaga instrument og usminka dokumentar utløyste Staff Benda Bilili ei enorm interesse. Dei to grunnleggarane hadde derimot større musikalske ambisjonar og forlét bandet i 2013, seier Berg.

– Resultatet kom i vår då dei kom med bandet Mbongwana Star og ein av årets mest fascinerande utgivingar på usvikelege World Circuit Records, seier han.

Postpunkgitarar, dubbass, og synth som møter kongolesiske rumbarytmer er noko av det ein kan vente frå Mbongwana Star.

– Her står musikken på heilt eigne bein, smiler Berg.

SJÅ VIDEO:

3. Alim Qasimov

Alim Qasimov og Fargana Qasimova

MUGHAM-SONG: Arne Berg beundrar Alim Qasimov sin mugham-song. Her er Alim Qasimov saman med Fargana Qasimova.

Foto: Oslo World Music Festival

Før Aserbajdsjan for første gong var deltakar i Eurovision i 2008 var det berre ein musikar Arne Berg forbant med Aserbajdsjan, nemleg Alim Qasimov.

– Den meisterlege mugham-songen hans, ein musikktradisjon som har opphav i det niande hundreårets Persia, har i fleire tiår vore ein godt bevart løyndom for fans verda over, seier Berg.

– At han under festivalen får breie seg ut i den romslege akustikken i Kulturkirken Jakob er perfekt. Og framleis er det slik at Alim Qasimov er den einaste musikaren eg forbind med Aserbajdsjan, legg han til.

SJÅ VIDEO:

HØYR MEIR: Soundcloud – Alim Qasimov

4. Hello Psychaleppo

Hello Psychaleppo

UNIK MASH-UP: Hello Psychaleppo har samplingar og synthriff i ein unik mash-up.

Foto: Oslo World Music Festival

Kunststudenten Samer Saim Aldhr er frå Aleppo i Syria, men budde ein periode i Beirut i Libanon. No bur han i Minnesota i USA, og som artist kallar han seg Hello Psychaleppo.

– Krølltoppen auser ut tung techno basert på gamle syriske folkesongtradisjonar. Dette er samplingar og «psycho» synthriff i ein unik miks som er heilt uimotståeleg, seier Berg.

– Eg gler meg enormt til dette!

SJÅ VIDEO:

HØYR MEIR: Soundcloud – Hello Psychaleppo

5. Khaira Arby

Khaira Arby

ØRKENBLUES: Khaira Arby speler ørkenblues med storbyfølelse, ifølge Berg.

Foto: Oslo World Music Festival

Ifølge Arne finst det knapt ein stad i verda kvar elgitar høyrer meir naturleg heime enn i Timbuktu i Mali.

– Khaira Arby sin fetter, multi-instrumentalisten Ali Farka Touré, sørgde eigenhendig for det. No har gitarane stilna, seier Berg.

– Khaira Arby måtte, som så mange andre musikarar i Timbuktu, flykte hals over hovud og busette seg i sør, i hovudstaden Bamako. Sjølv innrømmer ho pragmatisk, og litt ubeskjedent, at dette har gjort Bamako til ein endå betre musikkby. Dette er ørkenblues med storbyfølelse!

SJÅ VIDEO:

6. Chancha Vía Circuito

Chancha Via Circuito

URFOLK: Saman med urfolk har Pedro Canale klart å skape eit unikt lydbilete i Chanca Via Circuito, meiner Berg.

Foto: Oslo World Music Festival

Pedro Canale bak Chancha Vía Circuito er frå Argentina. Han speler elektronisk musikk som nokon meiner har røter i den argentinske digicumbiascenen, ei elektronisk utgåve av den danseorienterte cumbia-musikken frå Sør- og Mellom-Amerika.

– Nokon kallar det digicumbia, men sjølv er Pedro Canale mest opptatt av at musikken hans reflekterer naturen i heimlandet Argentina, seier Berg.

– Storbyguten har søkt saman med urfolksongarar og har skapt eit unikt lydbilete der natur og kultur møtast i ein høgare einskap. Svært og originalt. E muy psicodélico!

SJÅ VIDEO:

HØYR MEIR: Soundcloud – Chancha Via Circuito

7. Chango Spasiuk

Chango Spasiuk

TIL STADES: Chango Spasiuk speler årets opningskonsert under Oslo World, og han er svært til stades under sine konsertar, meiner Berg.

Foto: Ignacio Arnedo

Argentinske Chango Spasiuk speler årets opningskonsert under Oslo World Music Festival.

– Med det glitrande bandet hans rundt seg sørger Chango Spasiuk alltid for at konsertane blir store opplevingar, seier Berg og legg ut om videoen under:

– Chango Spasiuk er vanlegvis ikkje tangomusikar, men nærmar seg heller latinamerikansk folklore frå Mexico i nord til Argentina i sør. Videoen viser kor til stades han er, og ikkje berre han, bandet også!

SJÅ VIDEO:

HØYR MEIR: Soundcloud – Chango Spasiuk

8. Plaza Francia

Plaza Francia

TANGOEN SI VERD: Med Plaza Francia har Müller og Makaroff frå Gotan Project slått seg saman med songarinna Catherine Ringer frå Rita Mitsouko, og beveger seg endå lenger inn i tangoen si verd.

Foto: Pressefoto Plaza Francia

Christoph Müller frå Sveits og Eduardo Makaroff frå Argentina gav ut albumet «La Revancha del Tango» i 2001, som to tredjedelar av Gotan Project.

– Dei endra spelet fullstendig! No har dei to slått seg saman med songarinna Catherine Ringer frå Rita Mitsouko, og har danna prosjektet Plaza Francia, seier Berg.

– Dei går endå lenger inn i tangoen si verd – ei verd som har utvikla seg frå dansemusikk blant fattigfolk i hamnekvarteret i Buenos Aires på slutten av 1800-talet til dagens sofistikerte konsertuttrykk, seier Berg.

Om videoen under seier han:

– Det gøy å vise to heilt forskjellige utgåver av same låt (sjå Chango Spasiuk), og Grace Jones si ånd svever over denne.

SJÅ VIDEO:

HØYR MEIR: Soundcloud – Plaza Francia

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober