Telefontjuven
I 1876 søkte Bell om patent på telefonen sin, berre nokre timar før Elisha Gray kom med søknaden for si tilsvarande oppfinning.
Elisha Gray blandet seg også inn.
Denne setninga oppsumerar ei myte kring oppfinninga av telefonen. Men episoden om Bell og Gray si innlevering av telefonpatenta er ein av dei mest omtalte i telefonen si historie. No er det faktisk sånn at me ikkje veit om Bell sin søknad kom berre få timar før Gray sin søknad den 14. februar 1876. Vidare søkte ikkje Gray om patent, men han leverte inn ein caveat, ei formell melding om at han kom til å levera inn ein patentsøknad. Likevel, meldinga frå Gray inneheldt ei skildring av oppfinninga med teikningar.
Ubrukeleg
Det som er litt artig er at den telefonen Bell leverte patentsøknad på slett ikkje virka. Fyrst 10. mars 1876 gjennomførte Bell eit vellukka eksperiment. Dette var dagen Bell sin telefon vidareformidla dei berømte orda: Watson, come here. I want you. Ein surmulane Gray uttalte i ettertid at Bell hadde fått patent på ein idé, ikkje ei oppfinning.
Den verkelege oppfinnaren
Italienaren Antonio Meucci var fødd nesten 40 år før Alexander Graham Bell. I 1849, då Bell berre var to år, gjorde Meucci sitt fyrste vellukka eksperiment. Utan andre vitne enn kona si, sendte han si eiga stemme gjennom ein kopartråd frå eit rom til eit anna.
Antonio Meucci.
I åra fram til 1862 utvikla Meucci minst tretti ulike variantar av sin teletrofono. Men Meucci var ein uheldig mann, konkursar og ei ulukke der han fekk alvorlege brannskadar gjorde at han ikkje hadde pengar til å levera inn ein søknad om patent på oppfinninga si. Det Meucci til slutt klarte å skrapa saman pengar til, var ein førebels søknad, men han hadde ikkje nok pengar til å fornya søknaden sin. På den måten var det fritt fram for andre å søka om patent på det same. Og i 1876 kunne altså Meucci lesa i avisene at Bell hadde fått patenta på telefonen.
Andre bakmenn
Bell, Meucci og Gray var ikkje dei einaste som var inne på tanken om å finna opp eit apparat som kunne vidareformidla stemma. Franskmannen Charles Bourseul hadde ein idé om å bruka ein mikrofon der talelyd fekk ein membran til å vibrera, noko som igjen førte til at ein elektrisk krins blei opna og lukka i takt med vibrasjonane. Robert Hooke hadde alt i 1667 oppfunne ein telefon som blei omtala som lover`s telephone. Dette var eit system der ein prata gjennom to boksar med ein tråd mellom. Du har kanskje prøvd å laga ein sånn fiskebollebokstelefon sjølv?
Tyskaren Johann Phillipp Reis arbeida med eit kunstig øyre i 1852.
Kampen er enno ikkje over
I juni 2002 bestemte kongressen i USA at Meucci skal få æra for sitt arbeid med telefonen. Eit av Bell sine oldebarn har protestert kraftig mot dette. Diskusjonen om kven som er telefonens rette far, er med andre ord ikkje over.
Vidareutviklinga av telefonen er heller ikkje over, og berre fantasien set grenser for kva me skal bruka telefonen til i framtida. Og fantasien, den er som kjent grenselaus.