Hopp til innhold

Kulturstrøm

  • Olivia Newton-John får statleg gravferd i Australia

    Familien til den australske skodespelaren og songaren Olivia Newton-John har takka ja til statleg gravferd i Australia, skriv CNN.

    Kunngjeringa kom frå Australias statsminister Dan Andrews, som fortel at gravferda vil bli meir som ein konsert.

    Det var niesa til Newton-John, Tottie Goldsmith, som takka ja på vegner av familien.

    – Eg trur Australia treng det. Ho er så elska, sa ei tårevåt Goldsmith.

    Newton-John blei 73 år og døyde i USA etter å ha hatt brystkreft i 30 år. Skodespelaren er mest kjend for rolla som Sandy i filmen «Grease» frå 1978.

    Bilde av Olivia Newton-John på Hollywood Walk of Fame
    Foto: ROBYN BECK / AFP