Hopp til innhold

Skodespelarar må jobbe på søndagar

Skodespelarforbundet tapte i Arbeidsretten. Retten meiner ordninga med søndagsframsyningar ved Det Norske Teatret er ikkje i strid med tariffavtalen.

Kjersti Dalseide som Den gravide jenta venter på et tog og noen som ikke kommer.

Frå framsyninga av «Kan nokon gripe inn» ved Det Norske Teatret. Framsyninga baserer seg på songar av Stein Torleif Bjella.

Foto: Erik Berg / Det Norske Teatret

Sidan 2013 har Det Norske Teatret spelt teater på søndagar, etter at dei blei samde om ein lokal avtale ved teateret. Norsk Skuespillerforbund meiner avtalane er tariffstridige, og gjekk difor til arbeidsrettssak mot teateret og arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter.

Striden stod om korleis formuleringa om at skodespelarar skal ha prøve- og spelefri ein dag i veka skulle tolkast. Skodespelarforbundet meiner avtalen fastset søndag som kviledag, og at det skal gjelde for alle skodespelarane ved teateret. Unnataket er turnear og spesielle framsyningar utanom det vanlege programmet, som 17. mai-matinear.

Dissens

Arbeidsretten er delt i avgjerda. Eit fleirtal på fem dommarar frifann Det Norske Teatret og Spekter, og meiner ordninga til teateret med framsyningar på søndagar er innanfor avtalen. Medan mindretalet på to meiner både avtaleteksten og den historiske tolkinga av denne gjer at teateret ikkje kan ha alminnelege framsyningar på søndagar.

Erik ulfsby

Teatersjef Erik Ulfsby ved Det Norske Teatret er glad for at Arbeidsretten har slått fast at ordninga med søndagsframsyningar ikkje er i strid med tariffavtalen.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Teatersjef Erik Ulfsby ved Det Norske Teatret er glad for at eit fleirtal i Arbeidsretten meinte at deira praksis er innanfor det tariffavtalen tillèt.

– Vi er sjølvsagt glade for at vi har fått medhald i Arbeidsretten, og for at dette er noko vi kan ordne lokalt. Vi meiner at ordninga vår har gjeve betre kunstnariske vilkår, og skodespelarane ein betre arbeidsdag, seier han.

Ulfsby understrekar at mange teater spelar allereie på søndagar. Når eit teater reiser på turne, er søndag ofte ein speledag. I tillegg har også andre teater lokale avtalar for søndagsframsyningar.

– Denne dommen gjer at kvart teater fritt kan vurdere om søndagsframsyningar er noko som passar for dei, seier Ulfsby.

– Blir eit tema

Knut Alfsen

Forbundsleiar Knut Alfsen i Norsk Skuespillerforbund vil ha eit klarare regelverk for teaterframsyningar på søndagar.

Foto: Gisle Bjørneby

Norsk Skuespillerforbund tek dommen i Arbeidsretten til orientering. Den nye tolkinga av avtaleteksten opnar for at teatera kan spele fast på søndagar. Forbundsleiar Knut Alfsen ser ikkje bort frå at fleire teater kan følge etter Det Norske Teatret.

– Dei fleste teatera har til no sagt at dei ikkje har kapasitet til å spele på søndagar. Men slik avtalen no blir tolka, legg han i alle fall ikkje noko hinder for at dei kan spele på søndagar.

Dagens avtale mellom Norsk Skuespillerforening og Spekter gjeld for perioden 2016 til 2018. Men framsyningar på søndagar blir fort eit tema når avtalen skal reforhandlast neste år.

– Det er heilt openbert. Denne rettssaka har vist at formuleringa som er i avtalen i dag er uklar. No må vi få laga ein tekst som er meir eintydig på kor ofte ein kan spele på søndagar, og korleis dette skal varslast og kompenserast, seier Alfsen.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)