Det gode fellesskapet i Oldedalen

Ingen blir fattige av å gje. Det er misjonsbasar i Oldedalen i Nordfjord, og orda er Selma Kvame sine.

Kilde: Frå boka «Norge Rundt i 30 År», NRK 2006

Selma Kvame
Foto: Dag Ivar Indrebø / NRK

Selma Kvame har drive foreningsarbeid i sytti år og er hovudperson i Norge Rundt si forteljing om «basarbygda» Oldedalen  - ei forteljing om kvinner i ei lita vestlandsbygd som trufast lager sirleg handarbeid i glede over å kunne gjere noko for andre.

Til gode formål

Hekling og strikking i mørke vinterkveldar blir til gevinstar på misjonsbasarane i bygda. Og dei er det fleire av: Vinteren 2000 gav basarane i Oldedalen over 100 000 kroner til gode formål. Dette er ei historie om folket i ei lita bygd med berre 140 innbyggjarar, som gjennom generasjonar har meint at det finst nok av dei som treng ei hjelpande hand.

Ikkje overflod

Og dei meiner det endå, men det har vore tider på vestlandske smågardar då det ikkje var snakk om å gje av eigen overflod. Det har likevel aldri trua basartradisjonen i Oldedalen. Selma husker endå godt den tida då folk kom med kjøt, poteter, ull og egg og gav til basarane. Det var det folk hadde. Seinare har fellesskapet i dette vesle samfunnet samla inn millionar til gode formål. I bygda der basar er basar - i dag som for hundre år sidan.

Små og store gevinstar

Små gevinstar blir trekt ut på årer, desse merkelege trepinnane, med tal på begge sider. Større gevinstar finst i loddbok, der du sirleg har notert deg og dei du er glad i, for loddnummer til fem kroner stykket. For det kan vere kjekt å kome frå basar med heimehekla løpar eller ei bognande fruktkorg.

 

Oddvin Kvame
Foto: Dag Ivar Indrebø / NRK

Livslangt verv

Pengane som kjem inn, tek Oddvin Kvame hand om. Han samlar dei i ein velbrukt matboks, som han har gjort i ein mannsalder, og som far hans og bestefar hans gjorde før han. Kasserarvervet går i arv, og er ein kasserar i bedehuset i Oldedalen , så er ein det på livstid.

Sosialt

Spinkelt, men inderleg bryt bordverset «Og du som metter liten fugl» inn i basarstemninga. Den gode praten tagner, folk fell inn i songen etterkvart, det er tid for ei kaffiøkt. Fat med heimelaga rundstykke blir sendt rundt. Ein basarkveld har også ein sosial misjon i lokalsamfunnet.

Basar i Oldedalen
Foto: Dag Indrebø / NRK

Gleda av å gje

Kanskje veit nokon betre enn basarkvinnene. Kanskje meiner einkvan noko anna om kva som nyttar best. Kanskje flirer nokon overberande av folket i Oldedalen sine basartradisjonar. Men det finst ikkje den arroganse som kan ta frå Selma og dei andre på bedehuset i Ljosheim i Oldedalen gleda dei har av å gje. Og det skjønar Norge Rundt-sjåaren.