Odd ryddar vegen til Helvete

Stadnamnet «Helvete» finst overalt i landet. Og i Gausdal har ein ivrig grunneigar gjort Helvete lett tilgjengeleg for folk flest.

Odd Midtlin redigert versjon

FLOTT I HELVETE: – Flottare Helvete finst ikkje, meiner Odd Midtlin om sitt Helvete i Oppland.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

– Eg kallar meg djevelens dreng, seier han lurt.

Grunneigar Odd Midtlin i Gausdal har jobba hardt for å gjere vegen til Helvete trygg. No er turstien godt skilta, og solide rekkverk hindrar ein i å falle ned i det stupbratte juvet i Oppland.

Om ein vil kan ein faktisk gå tur/retur Helvete på 20 minutt.

– Flottare Helvete finst ikkje, seier Midtlin, og viser veg ned til Nord-Europas største jettegryter.

Du har sannsynlegvis eit Helvete i din nærleik. For det finst overraskande mange av dei her til lands.

I fyrste episode av Nomino på NRK1 tysdag testar programleiar Gøril Grov Sørdal akustikken i Helvete.

Eit opplagt stadnamn

Men kvifor får ein plass eit slikt namn?

Odd Midtlin i Helvete

Grunneigar Odd Midtlin er ikkje redd for å kikke ned i Helvete.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

– Det seier seg sjølv. Syns du ikkje det er trongt og skummelt her nede? spør Tor Erik Jenstad, stadnamnkonsulent og språkforskar ved NTNU.

– Dette er eit erketypisk norsk Helvete.

Tor Erik Jenstad

Stadnamna speglar kulturen vår, fortel språkforskar Tor Erik Jenstad.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Han står på grusen på den uttørka elvebotnen i Gausdal. Glatte fjellsider i det djupe, tronge elvegjelet ruvar mange meter over han.

– Det er utilgjengelege, ugjestmilde og farlege plassar som har fått dette namnet; eit skjær i sjøen der ein risikerte å grunnstøyte, eller ei bratt slåtteeng der bonden ikkje kom til med ljåen.

Jenstad kjenner ei historie frå heimtraktene i Sunndal på Nordmøre. Ein prest som kom til gards og spurte etter mannen i huset fekk som svar:

«Han far er i Helvete og slår.»

Les òg: Synnøve Solbakken endra Norgeskartet .

Tidleg språkrøkt

Og Helvete er faktisk eit kortreist, heimelaga stadnamn.

Nomino i Helvete

Så små blir ein språkforskar og ein programleiar når dei står nedi ei av jettegrytene i Helvete.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

– Dei bibelske namna Gehenna og Inferno blei omsett. Våre forfedrar dreiv rett og slett språkrøkt og laga eit nytt ord, lenge før det fanst eit Språkråd.

Dødsriket Hel

Hel var namnet på dødsriket og dødsgudinna i norrøn mytologi.

Foto: John Charles Dollman / Wikimedia Commons

Hel, som var namnet på dødsriket i norrøn mytologi, og ordet víti, straff, blei sette saman til helvíti, som altså betyr straff i dødsriket.

– Folk var gode språksmedar og fann på ordet sjølve. Ikkje dårleg! ler språkforskaren.

Skjer det store omveltingar, så viser det att på kartet. Kristninga av landet er kanskje den største kulturelle revolusjonen me har opplevd her på berget, og den viser att i utallige stadnamn.

Me kan lese historia gjennom stadnamna våre.

Tor Erik Jenstad, språkforskar

Har du peiling på stadnamn? Prøv Nominos stadnamn-quiz .

Helvete overalt

Du trur kanskje det er langt til næraste Helvete? Då tek du feil.

– Det finst minst 200 Helvete i Noreg, avslører Tor Erik Jenstad.

– Men mitt Helvete er det flottaste av dei alle, slår grunneigar Odd Midtlin fast, før han fører oss trygt opp att av jettegrytene sine.

Finn ditt næraste Helvete her: Noregskartet .

Helvete i Feios 2

Programleiar i Nomino, Gøril Grov Sørdal, fann eit Helvete i nabobygda si i Sogn, Feios.

Kulturstrøm

  • Bergen får frimerke i 950-årsgave

    Posten markerer Bergens 950-årsjubileum med et nytt frimerke. Frimerket kommer i salg fra fredag 21. februar, og koster 24 kroner. Frimerket kan brukes til å sende brev på 20 til 50 gram i Norge.

    Frimerke, Bergen 950 år
    Foto: Posten / NTB Scanpix
  • – Jeg skylder leserne å fortsette

    – Etter at du fyller 80 skjer det så mye, da feiler man litt av hvert. Det verste som kan skje, er å se dårlig. Det forteller Frid Ingulstad, som har skrevet over 200 bøker, til programleder Vegard Larsen i Drivkraft.

    Frid Ingulstad
  • Sett av over 30.000 dansker

    Barnefilmen Elleville Elfrid, regissert av Frank Mosvold fra Kristiansand, er hittil sett av 31.000 kinogjengere i Danmark. Ifølge Norsk Film Distribusjon er dette «helt i særklasse for en norsk film i Danmark». Hittil er den sett av 50.000 i Norge.

    Frank Mosvold med Elleville Elfrid
    Foto: Thomas Sommerset / NRK