NRK Meny
Normal

Det fantastiske dovendyret

Gratulerer, du har funnet den nye dovendyrartikkelen min! Sånn ser den ut:

Etter å ha vore på besøk i Kristiansand Dyrepark har eg fått eit nytt favorittdyr, nemleg dovendyret.

Solveig Hareide og dovendyr
Foto: NRK

Det ser ikkje ut som noko anna dyr eg har sett. Det er som ein strihåra ape med kunase og slangeauge.

Eit spesielt dyr

Dovendyr

DOVENDYR: Ville dovendyr lever i den nordlige delen av Latin-Amerikas skoger, og de kan bli mellom 58 og 70 cm høye.

Foto: Wikipedia

Dei lange tjukke klørne ser ut som krokar. Dei funkar som krokar og, sånn at dovendyret kan henge etter dei i trea stort sett heile dagen.

Einaste grunn til at dovendyret gidd å komme ned frå eit tre er anten at det vil bytte tre eller at det skal på do.

Og magen er så treig at dei berre går på do ein gong i veka. Det kan faktisk ta opp til ein månad frå dovendyret et til den skit på grunn av at bladene den et er vanskeleg å fordøye.

Dei ser ganske klumsete ut på bakken ettersom dei store krokete klørne berre er i vegen når dei går på beina.

Eg kunne skrive ti sider om dette dyret, men har bestemt meg for å avslutte snart, eg skal berre skrive...


5 fakta om dovendyret:


* Dovendyret heng opp ned i trea både når det søv, et, parer seg og føder.

* Det fins to typar dovendyr, det tofingra og det trefingra dovendyret. Begge lev i regnskogane i Sør-Amerika.

* Dovendyret sparer på energi så mykje det kan. Det rører seg sakte og lite, har lav kroppstemperatur og søv 15-20 timar i døgnet. Ettersom klørne er som krokar slipp det å slite seg ut med å klamre seg til treet.

* Dovendyret ser gjerne grønt ut. Ikkje fordi det har grøn pels, men fordi algar lev i pelsen. Dette funkar som kamuflasje for dovendyret.

* Dovendyret ser og høyrer dårleg. Det kjenner seg heller fram og har god luktesans.


Treig, men lur


Du undrast kanskje kvifor det treige dovendyret klarar seg i det heile tatt?

Det er kanskje nettopp fordi dyret er så treigt og annleis enn andre dyr.

At dovendyret er treigt kan gjere til at rovdyr ikkje oppdager det så lett, og at det derfor ikkje blir oppspist. Og klarer du å leve av blad som nesten er umogleg å få mat ut av, får du all maten for deg sjølv.

Hipp hurra for Dovendyret!

Se video: Se dovendyret og andre dyr i Dyreparken