Hopp til innhold

Det brysomme kallenamnet

Det vrir seg litt i magen på henne når nokon kallar henne Toppen. Men døypenamnet sitt likar ho heller ikkje.

Toppen Bech

Alle kallar henne Toppen, men i passet står det Ellen Åse. Likevel skulle ho gjerne heitt noko heilt anna, for eksempel India.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Toppen er jo eit tøvete namn, seier Toppen, eller Ellen Åse Bech Langballe, som ho egentleg heiter.

– Eg hugsar ein gong eg var i eit selskap, og rundt bordet sat Tulla, Lita, Titti og Toppen. Me hadde tøysenamn heile gjengen!

Toppen har det som mange andre: Ho skulle gjerne heitt noko anna. Men sånn er det no ein gong med namn; ein får dei av andre.

Fornamnet kan ein endre ved hjå Folkeregisteret, men kallenamnet er det verre med.

Toppen Bech på Gamlehaugen

Toppen Bech har vore journalist og programleiar sidan 1959. Og alltid som Toppen, aldri som Ellen Åse.

Foto: Arne Ristesund

– Det er nok umogleg å bli kvitt kallenamnet mitt no. Eg kunne nok klart det då eg var ung og ukjend, men den gongen tenkte eg aldri over det, seier Toppen. Eller Ellen Åse.

Bra for karrieren

Eit kallenamn kan likevel ha sine fordeler. Toppen er ikkje i tvil om at det har hjelpt henne opp og fram.

– Toppen er eit namn som viser att. Det er jo heilt anleis enn andre namn, så det har gjort meg meir synleg enn namnet Ellen Åse ville gjort.

Då er det jo like greit at ho ikkje føler seg som ei Ellen Åse.

Toppen Bech likar ikkje døypenamnet sitt, og reagerer ikkje eingong når nokon ein sjeldan gong brukar det. Ein gong ho skulle bedøvast, og dosen blei for sterk, ropte pleiarane for å halde henne vaken:

– Ellen! Ellen! ropte dei. Og eg, halvvåken som eg var, tenkte: Takk Gud for at det er Ellen og ikkje er eg som er i trøbbel. Så sovna eg att, fortel Toppen på telefon frå pensjonistlivet i Spania.

Eit nurk med honnørkort

Nurket tok kallenamnet som sitt fornamn.

Nurket er 65 år, men voks aldri ut av kallenamnet sitt.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

I Bergen sit ein annan pensjonist med eit søtt kallenamn. Og legg du til etternamnet blir namnet hennar supersøtt:

Nurket Klem.

Døypenamnet hennar har aldri blitt brukt. Med eitt unntak:

– Då eg var nestleiar i Sjukepleiarforbundet fekk eg ikkje kalle meg Nurket, seier ho.

Det blei avgjort at ein nestleiar, som skulle vandre rundt i ulike departement, måtte bruke sitt ekte namn. Så i to år var Nurket Anna Elisabeth. Det var ikkje kjekt:

– Det øydela litt av gleden ved å ha eit slikt verv. Eg vente meg til det, men eg var veldig glad då eg etter to år igjen kunne kalle meg Nurket.

Ho var sikkert lita og skjønn ein gong, men no er ho 65 år, tøff og unurkete. Likevel voks ho så til dei grader fast i kallenamnet at ho endra fornamnet sitt i Folkeregisteret.

For Nurket ville det blitt ein tøff jobb å ta døypenamnet attende:

For å demonstrere kor lite kjent døypenamnet hennar var ringte ho ein gong mor si og sa: "Hei, det er Anna Elisabeth".
Det blei fyrst heilt stille i andre enden, så sa mora: "Kven?"

Nurket har kallenamnet sitt i passet.

Nurket måtte søke tre gonger før Folkeregisteret let henne ta kallenamnet til fornamn. No er ho Nurket overalt, til og med i passet.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Kan ein kjempe imot?

Alexandra Bech Gjørv

For Alexandra Bech Gjørv, dottra til Toppen, var det viktig å ikkje bli Alex.

Foto: Camilla Wernersn / NRK

Går det an å kvitte seg med eit kallenamn? Ja, trur Toppen, og nevner dottra som døme; advokat og 22. juli-granskar Alexandra Bech Gjørv.

– Alexandra blir fort til Alex, men ho var alltid veldig streng på at ho heitte Alexandra og ingenting anna.

Men kva om kallenamnet sit skikkeleg fast, kan ein bli kvitt det då?
Kan ein overtale folk til å legge vekk kallenamnet på ein dei kjenner, for så å ta fram att døypenamnet?

Akkurat det vil NRK finne ut av. I Nomino, ein ny TV-serie om namn som skal sendast på NRK1 hausten 2014, vil dei hjelpe ein nordmann til å ta namnet sitt tilbake:

– Eg veit ikkje om nokon har prøvd å gjere dette før, så me bevegar oss inn i ukjent farvatn her. Men det gjer det berre ekstra spennande. Vil me klare det eller ikkje? seier programleiar Gøril Grov Sørdal.

Nomino-redaksjonen er på jakt etter nokon som er lei kallenamnet sitt, og som opplever at døypenamnet blir gløymt både av familie og vener, og av lokalsamfunnet ellers.

Er du interressert kan du skrive inn til nomino@nrk.no og til norgesglasset@nrk.no. Du finn oss òg på Facebook og på Twitter.

Toppens drøymenamn

For Ellen Åse sin del er det truleg for seint å kjempe imot. Ho er jo heile Norges Toppen.

– Eg føler meg som ei eldre dame med eit ungt kallenamn, men no har eg heitt det så lenge at eg ER Toppen, seier ho.

Tysdag kan du høyre henne fortelje om livet med eit kallenamn i Norgesglasset på P1.

Gøril Grov Sørdal

Programleiar Gøril Grov Sørdal skal guide sjåarane gjennom krattskogen av norske namn.

Foto: NRK

Radioprogrammet har sett av ei heil veke til temaet namn og nordmenn, og mellom klokka 12 og 13 mandag til fredag kan lyttarane sjølve ringe eller tekste inn sine historier om namn.

Og treng du hjelp til å bli kvitt kallenamnet ditt, så vil Norgesglasset gjerne høyre deg fortelje kvifor.

– Og kanskje har nokon alt prøvd å bli kvitt kallenamnet sitt? Har nokon klart det, så vil me veldig gjerne høyre korleis dei fekk det til, seier Gøril Grov Sørdal.

Programleiaren seier Nomino-redaksjonen alt har ein plan for korleis ein kan bli kvitt eit kallenamn, men ho vil ikkje røpe strategien sin.

– Det håpar me å kunne vise på NRK1 til neste haust.

Toppen, som hverken likar Toppen eller Ellen Åse, drøymer av og til om å heite noko heilt anna.

– Så seint som i dag tidleg las eg ein artikkel om ei kvinne som heitte India. Tenk om eg kunne heitt India! Det er så mykje finare enn mitt namn! seier Toppen.

Tja, det går jo an å bytte fornamn her til lands. Kvifor ikkje bytte til India Bech?

– Nei, det er for seint no, ler Toppen. For det er jo det ho heiter, ikkje sant?

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.