NRK Meny
Normal

Desse vil bli NRK-korrespondentar

Det kom inn til saman åtte søknadar då NRK lyste ut korrespondentstillingane i Midtausten og Brussel.

NRK-huset Marienlyst

Åtte personar har søkt om å bli ny korrespondent i Midtausten og Brussel.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Tre kvinner og fem menn har søkt stillingane som ny korrespondent i Midtausten og Brussel. Stillingane blei berre utlyst internt i NRK.

På lista finn vi fleire med korrespondenterfaring. Noverande korrespondent for NRK i Istanbul, Kristin Solberg har søkt seg til Midtausten. Også tidlegare Midtausten-korrespondent Sidsel Wold har søkt om ein ny periode.

Noverande Brussel-korrespondent, Tore Tollersrud, ønsker også å forlenge opphaldet sitt der. I tillegg ønsker også tidlegare Asia-korrespondent Philip Lote seg dit.

Søkarar til Brussel:

  • Fredrik Laland Ekeli (36), journalist i NRK Østafjells
  • Philip Lote (43), utanriksmedarbeidar/vaktsjef
  • Joakim Reigstad (33), reporter/vaktsjef
  • Maria Hasselgård (41), journalist Brennpunkt
  • Tore Tollersrud (55), journalist

Søkarar til Midtausten:

  • Sidsel Wold (56), utanriksmedarbeidar
  • Roger Sevrin Bruland (38), utanriksmedarbeidar
  • Kristin Solberg (33), Istanbul-korrespondent