Hopp til innhold

Foreldra gjorde motstand under krigen – sonen skal spela Vidkun Quisling

Gard B. Eidsvold og Anders Danielsen Lie skal spela hovudrollene som høvesvis Vidkun Quisling og presten Peder Olsen i filmen om landssvikaren sine siste dagar.

Gard Eidsvold som Vidkun Quisling og Anders Danielsen Lie som presten Peder Olsen i ny Erik Poppe-film

ERFARING: Det er no klart at Gard B. Eidsvold og Anders Danielsen Lie skal få bryna seg på rollene som høvesvis Vidkun Quisling og prest Peder Olsen i spelefilmen «Quisling»

Foto: Agnete Brun

– Eg har aldri opplevt så stor interesse for roller frå våre fremste skodespelarar, seier regissør Erik Poppe.

Denne veka går verdas første spelefilm om Vidkun Quisling i opptak. I filmen skal publikum få eit intenst innblikk i Quisling sitt liv frå pågripinga ved freden i mai 1945, fram til avrettinga den 24. oktober same år.

Erik Poppe - regissør av «Utvandrerne»

Regissør Erik Poppe har eit budsjett på 90 millionar kronar til skildra Vidkun Quisling. – Ei historie eg har hatt lyst å fortelja lenge, seier han.

Foto: Paradox

I denne perioden herja det ein psykologisk og klaustrofobisk kamp om sanning, løgn, tru og tvil i Quisling si celle og hovud.

Frå «En ganske snill mann» til Quisling

Mitt mandat som skodespelar er å gi alt, med hud og hår, blod og tårer.

Det skriv Gard B. Eidsvold i ein e-post til NRK om hovudrolla som offiseren, statsråden og humanitærarbeidaren som blei Hitler sin marionettleiar i Noreg under krigen.

Bilde av fem menn (svart/hvitt), to stående bak og tre foran. I midten foran ser vi Fridtjof Nansen, mens bak til høyre står Vidkun Quisling.

På 20-talet jobba Vidkun Quisling (bak til høgre) med nødhjelpsarbeid i Aust-Europa. Fridtjof Nansen sit i midten.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Han er kjent frå blant anna filmane «Jakten på julestjerna», «Doktor Proktors prompepulver» og «En ganske snill mann».

I filmen «Quisling» skal han derimot få tolka rolla som ein ganske annleis mann – ein mann dømt til døden for drap, tjuveri og landssvik.

Foreldra slost under krigen – han blir Quisling

– Eg er audmjuk og klar, men det vil ikkje seia at eg ikkje har personlege utfordringar knytte til dette, fortel Eidsvold.

Doktor Proktors Tidsbadekar

Gard B. Eidsvold har over 30 år med skodespelarerfaring med seg inn i rolla som Vidkun Quisling. Her som Doktor Proktor.

Foto: Erik Aavatsmark / Filmweb

Under krigen kjempa nemleg hans foreldre mot okkupasjonen. Dette stykket familiehistorie kjem Eidsvold til ta med seg i inn i rolla.

– Krigen har sett sine klør i meg gjennom mine foreldre. Dei heng med meg som et lys i denne oppgåva, skriv han.

Utan å tilgi Quisling, vil Eidsvold forsøka å forstå for å bringa lærdom frå historia vidare.

Om kven me er, og kven me blei.

Frå terrorist til prest

Anders Danielsen Lie går inn i den andre hovudrolla som Quisling sin sjelesørgar i fengselet, prest Peder Olsen.

Netflix-trailer viser første bilde av terroristen

Anders Danielsen Lie stirar på Utøya i rolla som terroristen Anders Behring Breivik i filmen «22 July». I «Quisling» er han på rett side av lova som presten og sjelesørgaren Peder Olsen.

Foto: Skjermdump: Netflix

Målet er å setta historia i eit perspektiv som opplevast som aktuelt for alle som lever i dag.

– Eg er veldig glad for å vera ein del av dette prosjektet. Eg håpar me klarer å laga ei forteljing som gir eit sannferdig portrett av gåta Quisling, skriv Lie til NRK.

Dagboknotat gir innsikt i Quisling og leiarar i dag

Poppe meiner at det å komma tett på den norske autoritære leiaren er viktig og relevant i ei tid kor utviklinga i verda går i antidemokratisk retning.

– Eg har lenge hatt lyst til å gå laus på denne historia, seier Poppe om filmen som blir den tredje i rekka etter «Kongens nei» og «Utøya 22. juli» i trilogien «Et skjørt demokrati».

I samband med utviklinga har teamet bak filmen lena seg på tungt på faghistorikarar og ikkje minst hittil lite kjent kjeldemateriale for å fortelja historia så historisk korrekt som mogleg.

Vidkun Quisling - frigitte bilder

Kunne han forstå at han hadde tatt feil av sin livsoppgåve? Det spørsmålet skal ein kunne bli klokare på i «Quisling».

Foto: Riksarkivet

– Me skal levandegjera mannen som vaks opp midt blant oss og meinte dei rette tinga, men som enda opp med å svika alt me står for, seier Poppe.

Og for å gjera det har dei prøvt å komma inn i hovudet på Quisling gjennom dagboknotata til sjelesørgaren hans.

Notata skildrar ein desperat kamp for å redda liv og ettermæle, og møte kor han blei pressa til brestepunktet i Olsen sin søken etter svar og sjølvrefleksjon.

– Det store spørsmålet me tar opp er om han skjønte kva han hadde gjort, og korleis han i så fall tok det, seier Poppe.

På kino vil ein først få svar på det hausten 2024.

Kulturstrøm

  • Sangtekster har blitt enklere, mer repeterende, aggressive og selvopptatte

    Et team av europeiske forskere har analyserte ordene i mer enn 12.000 engelskspråklige sanger, på tvers av sjangrene rap, country, pop, R&B og rock fra 1980 til 2020.

    Ifølge studien, som ble publiser torsdag, har sangtekster blitt enklere og mer repeterende. Tekstene har også blitt mer aggressive og selvopptatte i løpet av de siste 40 årene, skriver The Guardian.

    En av forskerne bak studien, Eva Zangerle, understreker at sangtekster kan være et «speil av samfunnet», som gjenspeiler hvordan en kulturs verdier, følelser og opptatthet endrer seg over tid. Studien trakk ikke frem hvilke artister funnene gjaldt.

    Sangtekster
    Foto: AP
  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)