Christina Aguilera opna heile showet med å synge ein kortversjon av "Dirty, kledd i ei nonnedrakt.
Dei to amerikanske artistane Beyonce og Sean Paul stod eit par minutt etter på scena og sang "Baby Boy".
The White Stripes har vore eit av verdas mest populære rockeband i 2003. Den amerikanske duoen framførde songen "Seven Nation Army".
Rapgruppa Black Eyed Peas var neste gruppe ut med ein kortversjon av sin nye singel "Shut Up", før dei elegant også tok ein kortversjon av "Where Is The Love?". Kven andre en Justin Timberlake er med i slutten av songen.
Britiske Dido er aktuell med sitt andre album og er neste artist ut i Edinburg. Ho framførde sin siste landeplatge "White Flag".
Christina Aguilera var kveldens vertinne. Ho måtte sjølvsagt også synge. REUTERS/Stephen Hird.
Også utandørs
For fyrste gong i historia arrangerer MTV også eit "utandørs show" samstundes med festivalen. Rett utanfor konsertlokalet var tusenvis av publikum møtt fram for å sjå artistar. Første artist på scena her var Chemical Brothers og The Flaming Lips.
Vel tilbake innadørs er showet i gang igjen etter ei pause. Neste artist her var ein ekte rockelåt av The Darkness. Vokalist Justin Hawkins og co framførte "I Believe In A Thing Called Love".
Så var det Justin
Herr Timberlake var sjølvsagt ein av hovedattraksjonane i Edinburg. Tidlegare i sommer turnerte han saman med Aguilera i USA. Christina introduserte Timberlake ved å gi han ei "Barbarar", som han skulle ha gløymd igjen på turneen dei to hadde saman i USA. Timberlake blei henta inn på scena for å introdusere MTV-veteranen Kylie Minouge som framfører "Slow".
Missy Elliott er neste madam ut. Saman med bandet framfører den amerikanske rapperen "Work it " og "Pass That Dutch" frå det nye albumet "This is not a test".
På heimebane
Det er få band i Skottland som har gjort det like bra som Travis. Francis Healy og co var sjølvsagt med under showet og sang frå den siste plata 12 memories.
Underleg nok hadde MTV også henta inn tyske Kraftwerk, som kjem til Oslo etter jul. Tyskarane framførte "Aero Dynamik".
Kveldens siste sceneopptreden fikk Pink æra av. Ho sang "Troubble" frå sitt nye album som kjem seinare i haust.