Hopp til innhold

Desse songane får stjernetrompetisten i julestemning

Det er ein julesong Tine Thing Helseth berre ha med seg for at det skal bli jul. Høyr den og fire andre av Tines julefavorittar i videoane under!

O helga natt, med Johannes Weisser, Tine Thing Helseth og Gunnar Flagstad.

Tine Thing Helseth inviterte til julekonsert på The Thief i Oslo. Her spelar ho «O helga natt» saman med Johannes Weisser.

– For meg blir det ikkje jul utan denne songen, seier Tine Thing Helseth om «O helga natt», songen med fransk melodi og svensk tekst som har blitt ein juleklassikar også her til lands.

– Eg har spelt den i kyrkja heime på Vålerenga kvar julaftan sidan eg var ti år gammal, og det byrjar å bli ei stund sidan. Eg skal gjere det i år igjen!

Tine Thing Helseth har denne hausten vore programleiar i NRK Klassisk. Ho presenterte radiokanalens julekonsert på The Thief i Oslo saman med programleiarkollega Per Sundnes.

Ding Dong Merrily On High

– Eg fekk med meg gutta på å lage ein Gillian Welch-inspirert versjon, sa Tine Thing Helseth om kveldens arrangement av «Ding Dong Merrily on High», som har melodi frå 1500-talet og tekst frå 1920-talet.

Ding Dong Merrily on High, framført av Tine Thing Helseth, Jarle Storløkken og Gunnar Flagstad.

River

Joni Mitchells låt «River» frå 1971 handlar ikkje om jula, men har funne sin plass på julerepertoaret likevel, med handling lagt til førjulstida og lånte tonar frå «Bjelleklang».

River, spilt av Tine Thing Helseth, Jarle Storløkken og Gunnar Flagstad under julekonsert på The Thief i Oslo.

Maria Wiegenlied

Max Reger er komponisten bak «Maria Wiegenlied» eller Marias voggesong. I denne versjonen er det Isa Katharina Gericke, norsk sopran og Tines nabo i Berlin, som syng.

Maria Wiegenlied, sunget av Isa Katharina Gericke med Ida Aubert Bang på harpe.

When You Wish Upon A Star

Til slutt i konserten overraska Tine Thing Helseth publikum med å legge bort trompeten og synge ein låt sjølv: Disney-klassikaren «When You Wish Upon A Star» frå 1940.

When You Wish Upon A Star, sunget av TIne Thing Helseth under julekonsert på The Thief i Oslo.

Du kan høyre heile julekonserten i NRKs nettradio, eller på P2 julaftan kl. 19.30.

Kulturstrøm

  • Også Nederland sier nei til TikTok

    Nederlandske embetsmenn vil snart ikke lenger få bruke den kinesiskeide appen TikTok på jobbtelefonene sine. Det opplyste det nederlandske innenriksdepartementet tirsdag, etter lignende avgjørelser fra andre europeiske land, deriblant Norge.

    TikTok
  • Justisdepartementet fraråder TikTok på tjenestetelefoner

    Justis- og beredskapsdepartementet fraråder Tiktok og Telegram på tjenestetelefoner i departementene etter en vurdering fra Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM).

    – Jeg støtter NSMs vurdering. Derfor kommer Justis- og beredskapsdepartementet i dag til å sende brev til alle departementer der vi fraråder å ha Tiktok og Telegram på tjenesteenheter. Dersom det er tjenstlig behov for å ha disse appene, bør det være på en egen enhet som ikke er tilknyttet virksomhetens digitale systemer, sier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp), i en pressemelding.

    Hun mottok NSMs vurdering mandag.

    Tiktok er kinesisk-eid. Meldingstjenesten Telegram var opprinnelig russisk, men har nå sitt hovedkontor i Dubai.

    TikTok
    Foto: LOIC VENANCE / AFP