Hopp til innhold

Desse skal kjempe om «Mesternes mester»

Ein brytar, ein dansar, ein crossfit-utøvar og ein kickboksar er blant deltakarane i neste sesong av «Mesternes mester».

Gruppebilde av deltakerne i Mesternes mester, fotografert i bygate

Deltakarane i Mesternes mester 2023: Foran frå venstre Helene Spilling (sportsdans), Hanne Staff (orientering), Linn Sulland (håndball), Ezinne Okparaebo (friidrett/sprint) og Kristin Holte (crossfit). Bakre rad fra venstre: Olaf Tufte (roing), Frode Johnsen (fotball), Ola Vigen Hattestad (langrenn) og Andreas Lødrup (kickboksing). Innfelt: Stig André Berge (bryting), som ikkje var til stade då bildet vart tatt.

Foto: Alice Asplund / Nordisk Film TV/NRK

Innspelinga av «Mesternes mester» startar i slutten av mai, og denne gongen skal kampen om den gjeve tittelen gå føre seg i Sandefjord.

Programleiar Aksel Lund Svindal har fått med seg ti knallsterke idrettsstjerner i kampen om den gjeve tittelen. Blant dei er brytaren Stig Andre Berge.

Det blir ekstremt spennande. Det er eit av programma eg har sett for meg å vere med dagen eg skulle leggje opp. Veldig artig å få vere med.

Berge innrømmer at han ikkje kjem heilt uførebudd. Det er berre åtte månadar sidan han la opp.

Forma burde vere til stade. Når det er sagt gruar eg meg til 90-graderen og øvinga med sandsekkane. Eg blir kanskje ingen temavinnar, men eg kan vere med å kjempe i toppen.

Berge Rio-OL

Stig André Berge frå da han tok historisk bronsemedalje i bryting i OL 2016.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Forventar at det blir temperatur

Berge får selskap av roar Olaf Tufte, friidrettsutøvar Ezinne Okparaebo, langrennsløpar Ola Vigen Hattestad, crossfit-utøvar Kristin Holte, fotballspelar Frode Johnsen, kickboksar Andreas Lødrup, sportsdansar Helene Spilling, orienteringsløpar Hanne Staff, og handballspelar Linn Jørum Sulland.

Det er fyrste gong i «Mesternes mester»-historia at ein crossfit-utøvar er med.

Det er eit startfelt som det luktar svidd av, seier Berge.

Eg forventar at det blir temperatur og at folk skrur på konkurranseinstinktet sitt. Alle vil vinne «Mesternes mester», fortel han.

Fryktar Olaf Tufte

Han trekker fram mange sterke konkurrentar, men innrømmer at han fryktar Olaf Tufte mest. Dei har konkurrert mot kvarandre i TV-samanheng tidlegare.

Olaf Tufte

Tidlegare roar Olaf Tufte er blant deltakarane i neste sesong av «Mesternes mester».

Foto: Wayne Drought / Ap

Det blir alltid dårleg stemning mens vi konkurrerer. Ingen av oss likar å tape, understrekar Berge, som har planar om å gje alt.

– Eg hadde ikkje sagt ja til å vere med om eg ikkje hadde ambisjonar om å vinne.

– Går det seigt er det ikkje bra for meg

Ezinne Okparaebo, Noregs raskaste kvinne gjennom tidene, gler seg til å kome ut av komfortsona.

– Det blir spennande og eg gler meg til nye utfordringar, seier ho.

Ezinne

Ezinne Okparaebo gler seg til å prøve nye utfordringar i «Mesternes mester».

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

34-åringen har drive med spesifikk trening retta mot sprint i ei årrekke, og innrømmer at ho dermed ikkje er den mest allsidige i gjengen.

Sjølv om det kan vere ei ulempe i eit program som «Mesternes mester», har ho likevel mange styrkar.

– Alt som er eksplosivt og alt som går på reaksjon vil vere til min fordel. Konkurransar som inneheld meir seige element vil derimot vere svært utfordrande for meg, fortel ho.

– Eg er veldig nervøs

Helene Spilling, som er fersk «Skal vi danse»-vinnar er spent på det ho snart skal hive seg ut i.

– Eg er veldig nervøs, for eg kjem til å møte svært sterke konkurrentar. Vi som er dansarar har kanskje ikkje heilt den type fysikken som er nødvendig for å gjere det bra i dei tyngste øvingane, seier 26-åringen.

Ei jente i grøn, tettsitjande kjole og ein gut i kvit singlet dansar saman medan dei stirrer intenst til kamera.

Helene Spilling og Simon Nitche dansa seg til topps i Skal vi danse i fjor.

Foto: Cato Ingebrigtsen

Ho trur derimot at ho kan gjere det bra i konkurransar som inneheld balanse, koordinasjon og memorering.

– I tillegg trur eg at eg kan ha ein fordel i «jarngrepet», konkurransen der det er om å gjere å henge lengst mogleg, sidan eg er ganske lita og lett.

Sjølv om sportsdansaren gruar seg til dei tyngste konkurransane, gler ho seg til å presse seg sjølv, og til å sjå kor langt ho klarer å kome.

– Eg gler meg også til å bli kjent med dei andre deltakarane, og lære meir om deira karrierar.

Desse deltar i neste sesong:

  • Stig André Berge (38), bryting
  • Ola Vigen Hattestad (40), langrenn
  • Kristin Holte (36), crossfit
  • Frode Johnsen (48), fotball
  • Andreas Lødrup (37), kickboksing
  • Ezinne Okparaebo (34), friidrett
  • Helene Spilling (26), sportsdans
  • Hanne Staff (50), orientering
  • Linn Jørum Sulland (37), handball
  • Olaf Tufte (46), roing

Kulturstrøm

  • Kygo kjøper Oslo-leilighet til 23,5 mill.

    Bergensartisten Kyrre «Kygo» Gørvell-Dahl har nylig kjøpt seg en leilighet på Aker Brygge i Oslo. Prisen for toppleiligheten på 96 kvadratmeter er ikke mindre enn 23,5 millioner kroner, skriver DN.

    Kygo er tidligere kjent på eiendomsmarkedet for å ha kjøpt tidenes dyreste bolig i Bergen.

    Kygo stakk av med den jeve prisen P3-prisen under P3 Gull 2019.
    Foto: Simen Schulerud, NRK
  • Hollywoods A-kjendiser vil endre fotballen

    Natalie Portman er en av grunnleggerne bak et nytt fotballag i Los Angeles. Med Angel City vil hun gjøre kvinnefotballen like verdsatt som herrefotballen.

    Det hjelper å ha støtte fra det som må være tidenes mest celebre eiere. Men Los Angeles har ikke hatt et kvinnelag på 13 år.

    Kan en gruppe Hollywood-stjerner virkelig endre fotballen?

  • Kate Bush håver inn millioner etter «Stranger Things»-suksessen

    Etter at Kate Bush-låten «Running Up That Hill» fra 1985 ble brukt i sesong fire av Netflix-serien «Stranger Things» har den mildt sagt fått nytt liv.

    Bush har i sommer toppet hitlistene i flere land, og nå melder NME at de britiske artisten har tjent inn over 22 millioner kroner på gjenopplivelsen av låten. Det er nettstedet Luminate som har regnet seg frem til denne summen.

    Låten var på et tidspunkt i juni den mest strømmede sangen i verden.

    Cover av Hounds of Love av Kate Bush