Hopp til innhold

Desse landa stemte på Noreg i Eurovision Song Contest

Keiino fekk full pott, tolv poeng, frå åtte land då telefonstemmene skulle fordelast under Eurovision Song Contest laurdag. Det viser statistikk frå EBU.

Keiino med «Spirit in The Sky» hadde ein mager poengfangst etter at fagjuryane hadde sagt sitt i finalen av Eurovision Song Contest laurdag. Med 47 poeng, låg det norske bidraget på ein beskjeden 15.-plass.

Men med 291 poeng frå telefonavstemmingane, fauk dei oppover listene, og hamna til slutt på 5.-plass med 338 poeng, 154 poeng bak vinnaren Nederland. Italia, Russland og Sveits følgde på dei neste plassane.

No har EBU offentleggjort poengfordelinga av publikumspoenga. Det gjer det mogleg å sjå kva land som gav Noreg poeng. Og det viser seg at Keiino slo breitt an. Heile 37 av dei 40 deltakarlanda har gjeve det norske bidraget poeng.

Full pott

Noreg fekk tolv poeng frå åtte land. Både vinnarlandet Nederland, Australia, Irland, Island, Sverige, Storbritannia, Danmark og Tyskland gav Keiino full pott. I tillegg gav Italia, Israel, Finland, Estland, Ungarn, Russland og Tsjekkia Noreg ti poeng.

Georgia, Hellas og Montenegro var dei einaste landa som ikkje gav oss poeng.

– Eg meiner vi vann Europa. Vi lagar ikkje musikk for musikkmeldarar, så å sjå at vår kombinasjon av joik og fengande pop treff så breitt er ikkje mogeleg å beskrive, sa Tom Hugo Hermansen til NRK etter finalen.

Live fra firnalen i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv.

Live frå finalen i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv.

Keiino kjem til å halde fram som band etter suksessen i Eurovision Song Contest. Dei skal blant anna besøke land med urfolk og spele inn songar på desse urfolkspråka. New Zealand, Australia og Amazonas er blant stadane som står på reiseplanen.

– Det hadde vore kult å kunne samle desse låtane på eit godt, gamaldags album og få ein kontinuitet. Kall det gjerne eit konseptalbum, seier Hermansen.

... og her er dei norske resultata

Den norske fagjuryen, som bestod av Finn-Ulrik Berntsen, Knut Bjørnar Asphol, Jenny Jenssen, Kamilla Wigestrand og Maiken Kroken, var mest begeistra for det tsjekkiske bidraget, og gav det tolv poeng. Nord-Makedonia fekk tiaren, medan Sverige fekk åtte poeng.

Tsjekkia fekk full pott frå den norske fagjuryen.

Men dei norske TV-sjåarane var ikkje heilt samde i denne vurderinga. Dei gav full pott til det svenske bidraget, følgd av Island som fekk ti poeng og Nederland som fekk åtte poeng.

Svenske John Lundvik var den norske folkefavoritten under finalen i Eurovision Song Contest i Tel Aviv.

Dei to topplassane til fagjuryen fekk ikkje eitt einaste poeng frå folkejuryen i Noreg.

Ordninga med å dele opp stemmegjevinga i fagjurypoeng og folkejurypoeng blei innført i 2016 for å skape meir spenning i konkurransen. Det har vist seg at dei to juryane ofte har svært ulik musikksmak, og at det ofte skjer store endringar på resultatlista når poenga frå publikum blir lest opp.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober