Hopp til innhold

Desse går i Pride-paraden

Fotballspelarar, politikarar, kyrkja og utdrikkingslag. Årets Pride-parade i Oslo er venta å bli både variert og rekordstor.

Hverdagsskeiv

KVARDAGSSKEIV: Stine Harbø, Åse Hornmoen, Tine Østereng og Hermine Setsaas driv eit prosjekt som heiter Hverdagsskeiv på Snapchat. Dei deler opplevingar frå kvardagen for å normalisere det å vera skeiv, og å fjerne fordommar.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

– Eg har aldri tidlegare gått i paraden, seier Terje Svendsen, fotballpresident i Noregs Fotballforbund.

Men i år stiller fotballen mannsterke på Oslo Pride, med spelarar både frå Vålerenga og Stabæk.

– Vi vil vise at fotballen skal vere for alle, seier Svendsen.

  • Følg streamen frå paraden her.

Men berre to toppolitikarar deltar

Venstres Trine Skei Grande og Rasmus Hansson i Miljøpartiet Dei Grønes er dei einaste partileiarane som deltar på paraden.

– Dette er viktig å gjera for politiske leiarar. Vi har langt att for at folk kan leve liva sine utan å bli møtt av fordommar. Pride er ein viktig banebrytar i dette arbeidet. Det finst ikkje noko viktigare å gå for ein sommardag enn å gå for kjærleiken, seier Skei Grande til VG.

Venta rekordmange deltakarar

128 grupper har meldt seg på årets parade i hovudstaden. I fjor deltok 30.000 personar i paraden, i år er det venta rekordstort oppmøte.

Blant dei påmelde er politiet, der Grete Lien Metlid, sjef for alvorleg kriminalitet i Oslo, skal gå i front.

Frå Oslo Pride 2017

POLITIET PÅ PRIDE: Grete Metlid, ordførar Marianne Borgen og John Roger Lund.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

– Det sender eit viktig signal. Vi vil vise både at det er greitt å vere homo i etaten, og overfor omverda vil vi sende eit signal om at alle grupper i samfunnet skal kunne ha tillit til oss, seier Bård Stensli, politioverbetjent i PST.

Han fortel at politiet har deltatt på Oslo Pride sidan 2005.

– Til paraden kjem både politistudentar, politifolk og sivilt tilsette. Det kjem nokre tilreisande politifolk, men dei fleste er frå oslopolitiet, seier Stensli.

– Viser mangfaldet

Kyrkja er eitt av to trussamfunn som er representert i paraden. Dette er tredje året kyrkja deltar i paraden.

– I år vedtok kyrkja ein liturgi som seier at også likekjønna par skal få gifte seg i kyrkja. For meg som homofil prest har det vore veldig viktig, sjølv om eg ikkje har planar om å gifte meg med det første, seier Geir Wiknes.

Han meiner deltakinga i Pride-paraden viser mangfaldet i kyrkja.

– Kyrkja skal vere for alle gjennom heile livet, seier Wiknes.

Kyrkja på Pride

KYRKJA DELTAR: Åsmund Aksnes, leiar i Åpen kirkegruppe deltar saman med Geir Wiknes, sokneprest i Hamar bispedømme.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

I år deltar også ei eiga gruppe for utanlandske diplomatar. Dette er andre gong at ambassadane i hovudstaden går saman i paraden. I år deltar mellom andre Canada, Mexico, USA, Finland, EU-delegasjonen, Sverige og Spania.

– Vi er fleire land som ønskjer å vise at vi støttar LHBT-rettane. Det var vår ambassadør som tok initiativ til denne gruppa. Dette er ein hjartesak for han, seier Emily Williams, tilsett ved den politiske seksjonen ved den canadiske ambassaden.

Lesbisk turlag

LESBISK TURLAG: Hanne Lyssand, Jorunn Jarp og Bodil Larsen går mykje tur og synest det er viktig å markere mangfaldet i homobevegelsen.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober