Hopp til innhold

– Er moteveka ein spøk?

Oslo Fashion Week mister ry og truverde når dei lèt kjendisen Pia Haraldsen vise sin kleskolleksjon under moteveka neste veke, meiner fleire designarar.

Pia Haraldsen for Agape

At kolleksjonen til Pia Haraldsen skal synast på Oslo Fashion Week har vekt reaksjonar i designarmiljøet.

Foto: Agape

Når Oslo Fashion Week byrjar måndag 16. august, skal mellom anna Pia Haraldsen vise ein kolleksjon selskapskjolar ho har designa for brudesalongen Agape. I tillegg skal russedress.no lansere ein ny kolleksjon med

Pia Haraldsen for Agape

Pia Haraldsen i ein kjole ho sjølv har designa for Agape.

Foto: Agape

russeklede under Oslo Fashion Week.

Fleire kjende norske designarar kritiserer no haustprogrammet og synest at Oslo Fashion Week bør halde seg unna kommersielle aktørar.

– Folk er sjokkerte og trur at programmet til Oslo Fashion Week er ein spøk i år. Det er ikkje bra nok, ikkje profft nok, og veldig synd fordi Noreg har utruleg mange flinke designarar å by på, seier designar Kjersti Vatle.

– Meir naturleg på bryllaupsmesse

Lise Karlsnes i design av Vatle.

Frå Kjersti Vatle si visning under Oslo Fashion Week i februar.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Designar Kjersti Vatle hadde visning under Oslo Fashion Week i februar i år, men denne gongen har ho valt å halde ei eiga visning i etterkant av moteveka.

– Det er ikkje noko gale i at Pia Haraldsen får vise fram kleda sine, men det er litt feil at ho gjer det på Oslo Fashion Week.

Vatle meiner at det hadde vore meir naturleg at kjolane, som er designa for brudekjolemerket Agape, hadde vorte vist på ei bryllaupsmesse.

Dei siste dagane har visninga av kolleksjonen til Pia Haraldsen og av russklede vore eit heitt tema i designbransjen, og fleire kjende norske designarar har reagert negativt på saka.

Leila Hafzi

Leila Hafzi

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

– Frå ein designar sin ståstad, som saman med eit tital andre norske designarkollegaer har blodslite i tiår for å oppnå kvalitet og kred hjå kundar og norske innkjøparar er det lite kredbyggjande å stå på same scene som slike aktørar. Det er likevel takka vere Oslo Fashion Week at fleire av oss har kome oss opp og fram, skriv designar Leila Hafzi i ein e-post til NRK.

Ikkje noko krav

Pål Vassbotten, direktør for Oslo Fashion Week, seier at det ikkje er aktuelt å stille krav om at alle som får ha visninger under moteveka må ha designarbakgrunn.

– Då måtte vi ha droppa Moods of Norway, og dei er per dags dato den største suksessen, så vi kan ikkje følgje den oppskrifta.

Han meiner derimot at det er lurt av Oslo Fashion Week å sleppe til Pia Haraldsen og Agape.

– Vi veit at det vil vekkje merksemd, så det er betre at vi går inn i eit samarbeid med Pia Haraldsen for å kunne kooridinere dette, slik at ho ikkje tek merksemd frå andre. Det vil gjere det er lettare for oss å sikre at alle vert sett, seier Vassbotten.

Marknadsføringstriks

Marianne Jemtegård, sjefredaktør for gratismagasinet Vixen, trur først og fremst at Oslo Fashion Week slepp til Pia Haraldsen fordi det gjev merksemd.

– Det er eit godt brukt marknads-føringstriks å få kjendisar til å fronte kolleksjonar, seier Jemtegård.

Om dette vil løne seg i lengda er ho derimot meir usikker på.

– Om det er bra for Oslo Fashion Week sin kredibilitet, for dei andre designarane og norsk motebransje er ei anna sak.

Visning Leila Hafzi under Oslo Fashion Week februar 2010

Oslo Fashion Week kan miste kredibilitet dersom folk som ikkje er designarar får sleppe til, fryktar mange i motebransjen. Leila Hafzi er ein av dei som reagerer, her frå visninga hennar under moteveka i februar i år.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Må bestemme seg

Marianne Jemtegård meiner at Oslo Fashion Week må gjere eit medvite val om kva dei vil.

– Kva slags arena skal Oslo Fashion Week vere? Skal Oslo Fashion Week vere for butikkar og kjeder eller for frittståande designarar som viser fram kunstverka sine, spør Marianne Jemtegård.

Jemtegård trur visningane kan slå dårleg ut for truverdet til moteveka.

– På moteveka vil eg verte inspirert, sjå nye trendar og nye talent, det beste av norsk design. Det er ikkje resultatet vi endar opp med etter slike typar visningar, seier Jemtegård.

Kjersti Vatle synest at litt av eksklusiviteten har forsvunne, og at dette gjer det mindre attraktivt å delta på Oslo Fashion Week.

– Eg har store tvil om eg kjem til å delta igjen, på grunn av programmet i år.

Video Pia Haraldsens designdebut

Pia Haraldsen viste fram planane for kolleksjonen i Stavanger i juni.

Pia Haraldsen er på jobb i London, og har dermed ikkje moglegheit til å kommentere saka i dag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober