NRK Meny
Normal

Derfor sel Petter Olsen «Skrik»

Petter Olsen tek ikkje salet av «Skrik» så tungt. Han tenkjer heller på kor mykje anna han kan få i staden for det på det nye galleriet sitt.

Video Han vil selge Munchs "Skrik"

VIDEO: Petter Olsen vil selge Munchs 'Skrik'

Då Petter Olsen let det bli kjent at han skulle selje eit eksemplar av Edvard Munchs meisterverk «Skrik», samstundes som han er i gang med å opne sitt eige Munchmuseum på Ramme gard i Hvidsten i Akershus, klødde nok mange seg i hovudet.

Er ikkje «Skrik» det perfekte biletet å ha på eit Munch-galleri?

Petter Olsen

Petter Olsen.

Foto: NRK

– Joo, men, treng me det då? Er det ikkje fint her utan akkurat det biletet? spør Petter Olsen.

Men det er fleire grunnar til at Olsen har valt å selje det fjerde og siste skriket, som framleis er i privat eige.

Han er mellom anna redd for at om han hadde beheldt biletet, så hadde folk berre kome for å sjå «Skrik», og ikkje noko anna.

– Dessutan trur eg det kunne ha blitt ein belastning å ha det her på forskjellig vis. Det kunne ha ført til angst og engstelse, seier Olsen.

Petter Olsen

Petter Olsen viser fram byggearbeidet på Ramme Gård i Akershus.

Foto: NRK

Kulturarv

Edvard Munch kjøpte Nedre Ramme av familien til Olsen i 1910 og busette seg der.

Petter Olsen er i gang med å bygge eit kompleks som skal innehalde hotell, konferansesenter, stedsmuseum og sjølvsagt, eit galleri, der han skal stille ut dei mange kunstverka som blir att i samlinga hans, sjølv om «Skrik» forsvinn til utlandet.

– Staden innbyr til det, med den kulturarver me har her ute, seier han om kvifor han satsar på museum og galleri.

Og det er ikkje berre Munch som får plass i galleriet.

– Eg har ein del Munch, men også verk av andre kunstnarar som hadde tilhald og virke her ute. Mellom anna Kristian Krogh, Frits Thaulow, Oscar Wergeland, seier Olsen.

Får mykje for pengane

Skrik

Edvard Munchs «Skrik»

Foto: Sotheby's

Petter Olsen innrømmer at han er litt letta over å bli kvitt eitt av dei mest kjente bileta i verda.

– Også fordi ein kan få så mykje anna i staden for det, seier han.

– Det passer fint at det kjem til ein plass i utlandet der det blir teke godt vare på og blir sett av mange. Me har jo tre «Skrik» her i Oslo, seier han.

Men før Petter Olsen skilte seg med «Skrik» fekk han skrevet ned det Edvard Munch skreiv på rammen av biletet.

Jeg gikk bortover veien med to venner. Solen gikk ned, himmelen ble blodig rød, og jeg følte et pust av vemod. Jeg stod stille, trett til døden. Over den blåsorte fjord og stad lå blod og ildtunger. Mine venner gikk videre, jeg ble tilbake, skjelvende av angst. Jeg følte det store skrik i naturen

Edvard Munch