NRK Meny
Normal

Derfor blir du solbrent

Medan andre ikkje blir det.

Soling
Foto: Scanpix

Sole seg
Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

- Det er kroppen din som prøver å beskytte deg mot stråling, fortel kjemiprofessor Svein Stølen.

Derfor produserer kroppen dette fargestoffet som skal absorbere lysstråling. Nokre av oss lagar meir av dette fargestoffet enn andre.

- Vi produserer fleire versjonar av dette fargestoffet. Nokre er brune og andre er meir røde.

Nokre har for lite

- Når du får sterk sol på deg så klarar ikkje kroppen å produsere nok av dette fargestoffet, og då klarar den ikkje å absorbere nok av lysstrålane.

Og då skadar du celler i huda.

Kroppen reparerer

Solkrem
Foto: Elena Elisseeva

Når det skjer prøver kroppen din å reparere skaden som du då har påført den.

- Då strømmar det blod til overflata, og då blir det rødaktig farge.

Om ein pressar på huda når du då har blitt solbrent så blir det lyst.

- Då pressar du blodet tilbake, og når du slepp fingeren igjen kjem blodet tilbake.

Heldigvis går det over, men det lønner seg nok å bruke solkrem oppfordrar kjemiprofessoren.

HØR: Derfor blir du solbrent

HØR: Derfor blir noen solbrent mens andre ikke