Silje Aanes Fagerlund debuterer med ein roman om ei kvinne som ser tilbake på eit intenst kjærleiksforhold etter at det er over. Mannen er ein godt vaksen forfattar, kvinna er ein ganske ung student.
Den som har lese dei seinaste bøkene til bergensforfattaren Tomas Espedal, vil ganske raskt forstå at debutanten Silje er den Silje som Espedal skildrar som den store, tapte kjærleiken.
Den som trur at vi her skal få ein radikalt annan versjon av kjærleikshistoria, må tru om igjen.
Dette har ingen ting å seie for den litterære kvaliteten; slaget om kvalitet dreiar seg ikkje om kor stort eller lite spriket er mellom to litterære versjonar av same historie.
Men det er klart, den som hadde ønska ei skandaløs historie med eit sterkt avvikande syn på kva som faktisk skjedde, blir skuffa.
Forfattaren har det, i glimt
DEBUT: «Eneste» er debutromanen til Silje Aanes Fagerlund.
Foto: Cappelen Damm ASVi andre kan lese ein sjølvbiografisk roman med typiske debutromankjenneteikn: somme stader glimtar forfattaren til og viser at ho har det, mens andre avsnitt er likegyldige og lette å gløyme.
Når det er sagt, vil eg straks leggje til at historia er skildra med eit stort og uironisk alvor som gjer sterkt inntrykk.
Historia er fortalt av eit namnlaust «jeg» som i store deler av romanen vender seg til eit namnlaust «du». Livet deler seg tydeleg i to bolkar: Før og etter møtet med mannen på ein fest, eit møte som blei til eit seks år langt forhold.
Før dette er det summarisk fortalt om mor, far, bror, kjensla av å vere utanfor i ungdommen (ei kjensle ho deler med alle forfattarar og nesten alle andre), deretter skrivelinje på ein folkehøgskole (eit obligatorisk innslag i sjølvbiografiske romanar for tida) og vaklande idear om kva ho skal bli når ho blir stor, også det eit velkjent trekk så vel blant ungdom som i romanar om ungdom.
Kort sagt: Livet før møtet med mannen er litt flatt skildra og har vesentleg mindre nerve enn historia om forelsking, kjærleik, samliv og brot. Det er kjærleikshistoria som gjer denne romanen.
Denne kjærleiken blir skildra i høg stil som her, eller vist fram gjennom regntunge dagar i Bergen, lidenskaplege møte og rolege kvardagar utan drama.
Det er eit vakkert bilde av to elskande, men sjølv om dette er forteljarens versjon av historia, finst det her ei så sterk innleving i mannens liv og lagnad at det blir det han som står tydelegast fram.
Eksen får ikkje gjennomgå
Det er altså lite av oppgjer og kritikk av den andre her, slik ein kanskje kunne vente frå den parten som gjer det slutt og som bør ha ein god grunn.
Som det første møtet var lagnad, står også brotet fram som det: Gradvis ser forteljaren konsekvensane av aldersforskjellen:
God skildring av stor kjærleik
Den store kjærleikshistoria startar og sluttar utan rivalar. Alle årsaker er å finne i dei to og i forholdet.
Å skildre lykkeleg kjærleik har aldri vore enkelt, men forfattaren har skrive ei vakker og fortetta historie som går i sirklar både rundt det som får folk til å elske kvarandre og det som får folk til å ønske ein slutt.
Trass i at teksten er ujamn og til tider for flat, er dette ein debutant å leggje merke til.