NRK Meny
Normal

Den store isbadedagen

Ordføraren kom ut av isbader-skapet, og starta ny folkesport i Skånland kommune.

Den store isbadedagen

Sistemann uti er ei pyse!

Foto: NRK

Norge Rundt fekk eit tips frå ei dame i Salangen. I nabokommunen Skånland skulle dei arrangera den store isbadedagen for tredje år på rad, og det gjekk rykter om at det kunne bli meir enn 100 deltakarar dette året. Dette høyrdes jo ut som eit kjempeprogram, sjølvsagt ville me vere med.

Eigen isbadestrand

Fredag 4. desember reiste Norge Rundt-utsendinga oppover, og fekk ei befaring på den vakre isbadestranda som er laga til i Evenskjer sentrum.

I Skånland er det ein fast gjeng med isbadarar som badar saman eit par gonger i veka. Ordføraren er ein av dei, og han vil gjerne dela aktiviteten.

- Målet med Den Store Isbadedagen er å få flest mogleg isbadarar til å bada samtidig, seier ordførar Svein Berg.

Det var faktisk han som starta isbade-eventyret i Skånland. I fleire år bada Svein i skjul bak eit naust, då var han heilt åleine om isbadinga. Men så høyrte han rykter om at folk hadde sett sel rundt det naustet kor han pleide å bada. Då forstod han at han måtte koma ut av isbade-skapet.

- Det er jo folk som jaktar på sel, så eg vart jo litt redd, humrar ordføraren.

Iskald moro

Den store isbadedagen 2

Ikkje alle skreik, nokon såg ut til å nyta badet.

Foto: NRK

Det var ein spent Norge Rundt-programleiar som sat i bilen på veg til stranda dagen etter. For første gong skulle eg isbada!

Det var nok av folk på isbadestranda som kunne dela råd og kunnskap:

  • Du må ha på raggsokka, då blir ikkje varmetapet like stort.
  • Du må ikkje nøla, hopp rett uti.
  • For at isbadet skal vere gyldig må du under vatn med heile deg.
  • Isbading frisker opp kropp og sinn og aukar blodsirkulasjonen.

Ja, men då er det berre til å hoppa uti då. Og det gjorde folk i hopetal. Små og store isbadarar sprang uti vatnet utan frykt. Nokon såg til og med ut til å nyta isbadet!

Klarte dei å slå deltakarrekorden frå i fjor? Sjå Norge Rundt fredag så får du svar!