I kampen om å finna den gode arena for drivande introduksjonar til Norge Rundt, er det meste lov. Det eg trudde var eit lite drypp, viste seg å vera ideen til den store helsesjekken for ein tilårskommen programleiar. Nei eg har ikkje helseangst, men det er vel greitt å vera på sikre sida. Derfor satsar me på sugande programpresentasjon frå legekontor og behandlingsbenker. Me er i dei beste hender.
Blodtrykk under kontroll
Første kontrollpost er under Branntribunen der lege Jon Schjelderup regjerer. Mild i formen og med glimtet i auga, driv han vekk all uro om eit blodtrykk eg frykta var på ville vegar.
- Ja dette ser bra ut, glimta han til, og sende meg ut i ein inspirert introduksjon om tapping av bjørkesejve.
Nå må eg vedgå at det knirkar litt hist og her. Frå Stavanger har eg med meg dokumentasjon om vellukka kiropraktorbehandling av den femte lumbal. Gamal idrettsskade,må vita. Litt skal me jo betala tilbake etter ein intens vektløftarkarriere på 60-talet.
John Skien kan smile! Han bestod den store helsesjekken! Foto: NRK
Lindrande hender
Ryggen er rak etter behandlinga, men nakken treng faste hender. Dei finn me på Askøy. Cand.naprapat Thomas Chr.Askeland sug tak i smertepunktet og manar fram lindring. Formen er stigande, presentasjonen sit som børseskot frå behandlingsbenken. Dermed er et berre ein post igjen.
Utan helseangst
På hypokonderklinikken får me vita det me veit: Programleiaren i Norge Rundt har ikkje minste snev av denne sjukdommen. Profossor Ingvard Wihelmsen er vårt vitne, etter at han har gitt oss ei glitrande framstilling av sjukdommens lumske vesen.
Dermed er den store legesjekken fullført og sendinga kan ta til. Norge Rundt på fredagkvelden med høg temperatur, men likevel feberfri..