John Skien i den stor køya som du finn ombord. Foto: NRK
Det skal nemleg romsleg økonomi til for å kunna ha det så trangt. Paradokset slo ned i meg då eg ålte meg ut av dusjen i den flotte familiefarkosten på Askøy.
Ein Viksund 34 fot stor båt som tar deg fram 30 knop i timen om du har det travelt.
Det er som ei hurtiggåande hytte på sjøen til den nette pris av 1.8 millionar kroner.
Bygging av den store båtdraumen
Norge Rundt får letta litt på sløret i produksjonshallen hos Viksund Båt. Slik lagar dei plastbåtar på Askøy i det store formatet.
Slik oppfyller dei den store båtdraumen for mange nordmenn. For me er eit sjøfarande folkeferd ennå. På fritida hoppar tusenvis ombord i båtane sine til det frie liv på sjøen, kosta kva det kosta vil. Heilt frivillig lever dei under svært trange kår sjølv i den store familiebåten. Men tar du deg råd, og det gjer fleire og fleire, så kan du til og med ta deg ein dusj ombord - det ultimate symbolet på velstand til sjøs.
Luksus i 30 knops fart. Foto: NRK
Maritim luksus
Det er 600.000 fritidsbåtar her i landet. Og i over 200.000 av desse kan du overnatta. I Viksund flaggskipet er kvar ein kubikkmeter plass utnytta på finurlig vis slik at du kan strekka ut beina og velta deg på folkelege luksusvis.
Norge Rundt går ombord rett etter Dagsrevyen PÅ NRK1 som vanleg på fredagane.