Kulturstrøm

  • «Guds barn» får ris og ros i NYT

    Den engelske omsetjinga av Lars Petter Sveens bok «Guds barn» er meldt av den amerikanske poeten Christian Wiman i New York Times. I meldinga samanliknar Wiman boka med andre romanar om Det nye testamentet. Sveen får skryt for å framstå som nøytral og for å fokusere på mindre rollefigurar, men får også kritikk for at boka er for stilleståande og stemmene i romanen for like.

    Lars Petter Sveen
    Foto: Hilde Bjørnskau / NRK
  • Lar ikkje dottera få sjå Askepott

    Den britiske skodespelaren lar ikkje den tre år gamle dottera si få lov til å sjå på Disney-filmen Askepott. – Ho ventar på at ein rik mann skal kome å redde ho. Ikkje gjer det. Redd deg sjølv, seier Knightley i eit intervju med Ellen DeGeneres. Dottera får heller ikkje lov til å sjå på filmen om den vesle havfrua, då ho ikkje vil lære dottera si å gi frå seg stemma si for ein mann.