Steinjegarar
Susanne Hjelle (8 år), Sofie Hjelle (6 år) og Kine Kvisvik (8 år)
Susanne, Kine og Sofie bur i Sykkylven på Sunnmøre. Susanne er ein ivrig steinsamlar, og ho tar ofte med seg veslesystera Sofie og venninna deira, Kine, for å jakte på nye, spennande steinar. På biletet held Susanne opp boka "Norsk steinbok”. Den treng ho for å finne ut namnet på steinane dei finn. Ein dag var dei tre jentene på leiting i eit område som skal bli beitemark. Der fann dei ein stor, rar stein.
Stein med skal
Rar stein med skal
Steinen veg 28 kg og har eit ganske tjukt skal som kan plukkast av. Under skalet ser det ut som det er ei kjerne med raud stein. Steinen var nesten heilt lukka inne i skalet då dei fann han. Dei har prøvd å vaske forsiktig med vatn og børste, men det ser ikkje ut til at den raude ”rusten” kan fjernast. Dei trur steinen må innehalde mykje jern sidan han er så raud.
Olivínstein!
Newton sin faste geolog, Stein Nordgulen, har fått tilsendt ein bit av steinen Etter å ha granska den ei stund, har han no funne ut kva dette er for noko. Steinen blir kalla for ein dunitt eller ein olivínstein. Det er ein bergart som inneheld jern og magnesium-rike mineral. Dette stemmer godt med det geologane veit om berggrunnen på Sunnmøre. Der finst det nemleg mykje olivín-stein. Nokre stadar finst det så mykje at det blir tatt ut og brukt som råstoff i industrien. Ein kan til dømes bruke olivín til å lage ildfaste materiale. Nokre klare, grønne variantar av olivín er verdifulle edelsteinar! Dei blir kalla for krysolitt og peridot.
Viss du finn noko rart som du ikkje veit kva er, så vil vi i Newton gjerne hjelpe deg å finne ut av det. Vi likar å vere detektivar!