NRK Meny
Normal

Den nye operasjefen: – Skulle gjerne ha samarbeidd med Steffens

Den nye operasjefen, Annilese Miskimmon, seier ho er lei seg for at ho ikkje fekk arbeide saman med tidlegare musikksjef Kar-Heinz Steffens. Han slutta eitt år før tida fordi han meinte det ikkje var mogleg å samarbeide med henne.

Annilese Miskimmon og Karl-Heinz Steffens

Den nye operasjefen, Annilese Miskimmon, er lei seg for at samarbeidet med tidlegare musikksjefen ved Den Norske Opera og Ballett, Karl-Heinz Steffens, før det starta.

Foto: Erik Berg / Den Norske Opera & Ballett

1. august tok irske Annilese Miskimmon over som operasjef ved Den Norske Opera og Ballett etter Per Boye Hansen. Men allereie før ho starta, var ho blanda inn i fleire konfliktar ved operaen.

I eit ope brev, som Aftenposten publiserte, skreiv tidlegare musikksjef Karl-Heinz Steffens at han ikkje ønska å halde fram i jobben fordi han meinte det ikkje var mogleg å samarbeide med Miskimmon. Han skreiv blant anna at dei to ikkje hadde klart å få til ein fruktbar dialog om den kunstnariske framtida.

– Lei meg

I eit intervju med NRK seier Annilese Miskimmon at ho synest det er leitt at dei to aldri fekk sjansen til å jobbe saman.

– Då eg høyrde at musikksjefen ikkje ville jobbe saman med meg, blei eg lei meg. Brevet kom som eit sjokk. Eg trur vi kunne samarbeidd og laga spennande prosjekt saman. Eg skulle ønske han aldri hadde skrive det brevet.

Ho meiner avgangen til Steffens er eit stort tap for operaen, men at ho ønsker han alt godt i framtida.

NRK har spurt Karl-Heinz Steffens om han vil kommentere på utsegnene til Miskimmon, men han har ikkje svart.

Solistkonflikt

Men då usemja mellom musikksjefen og den påtroppande operasjefen blei kjend, hadde Miskimmon allereie gjort seg upopulær blant solistane ved operaen fordi ho ikkje ville ha faste stillingar. Tidsavgrensa kontraktar er naudsynte for både kunsten og operahuset, seier ho.

– Det gir oss større kunstnarisk fleksibilitet. Det er mange talentfulle norske operasongarar eg gjerne skulle brukt. Men det går ikkje på grunn av dei faste stillingane. I tillegg til at operaen har ein stram økonomi.

Ønsker fleire skal oppdage opera

No er ho i gang med eit fem år langt åremål ved operaen. Ho seier ho ønsker å bygge vidare på det arbeidet forgjengaren Per Boye Hansen la ned. Eitt av måla ho har sett seg, er å få folk som elles ikkje går i operaen til å ta turen.

– Eg ønsker å lage nye prosjekt for å trekke nytt publikum til operaen. I dag vil folk ha opplevingar som set i gang kjensler. Og der har opera mykje å tilby.

Annilese Miskimmon og Atle Antonsen

Operasjef Annilese Miskimmon ønsker at nye publikumsgrupper skal kome til operaen. Her snakkar ho med Atle Antonsen på prøvene til «Tryllefløyten».

Foto: NRK

Og til dei som har sett ei operaframsyning dei ikkje likte, oppmodar ho dei til å gi operaen ein ny sjanse.

– Har du sett ei operaframsyning som du ikkje likte, så var kanskje ikkje det framsyninga for deg. Prøv då heller ei annan framsyning som kanskje passar deg betre.